Val emne i 3. år bachelor friluftsliv og 3. år bachelor idrett, fysisk aktivitet og helse
Studentane skal få både praktisk og teoretisk innføring i pedagogisk arbeid med ulike brukargrupper. Studentane skal kunne legge til rette for friluftsliv og friluftslivsaktivitetar til brukargrupper innan psykisk helse.
Fullført 2. år bachelor idrett, fysisk aktivitet og helse og 2. år bachelor friluftsliv eller tilsvarande.
Gjennom emnet skal studenten:
- Tilegne seg kunnskap om korleis legge til rette aktivitetar i friluftsliv for personar med spesielle behov og kva omsyn ein bør ta
- Tilegne seg kjennskap til friluftsliv i eit helseperspektiv i høve til brukarar innan psykisk helse (til dømes rusmisbrukarar, kriminalomsorg og ungdom med åtferdsproblem, depresjon, angst)
- Lære om bruken av friluftsliv i nærmiljøet med fokus på vinter og vår
- Tileigne seg kunnskap om naturverdiar i eit helseperspektiv
Førelesningar, gruppearbeid og individuelt arbeid. Mykje av lærestoffet skal bli integrert og erfart i den praktiske undervisninga. Loggar vil verte brukt i samband med ekskursjonar.
Gjennomføring av eit friluftslivsarrangement
- Vintertur, 2 dagar
- Isfiske, 3 dagar
- Vår tur, 3 dagar
I samband med ekskursjonar må studentar ved HSF vera budd på å betala ein eigenandel. Vi syner til HSF sitt fellesreglement for dekking av bu- og reiseutgifter: www.hisf.no/studadm/reglement/bu-reiseutgifter.htm.
- Gjennomførte ekskursjonar og obligatorisk oppmøte til praktisk undervisning
- Godkjenning av turlogg
- Godkjenning av eit skriftleg arbeid
Vårsemester
ID3-311 Individuell skriftleg eksamen
Tid: 5 timar
Førebels pensumliste skal ligge føre ved studiestart. Endeleg pensumliste skal vere klar innan 15. september for haustsemesteret og 15. februar for vårsemesteret.