Kode
FP332 400
Namn
FAGLEG-PEDAGOGISK STUDIUM I MATEMATIKK- DELTID. Rammeplan 2003
Studiepoeng
10.00
Kategori
Obligatorisk fag i den 3-årige førskulelærarutdanninga. Rammeplan av 2003.
Tid
3. studieår: 10 studiepoeng
Mål for emnet
- Å skaffe seg kunnskap og innsikt i matematikkfaget
- Å forstå korleis matematisk forståing vert utvikla, slik at det er mogleg å legge til rette for og vidareutvikle matematisk kompetanse hjå barn.
Innhald / oppbygging
5. semester: Utefag-sommar og haust
- Språk og matematikk
- Dei fire rekneartane
- Talomgrep og omgrepsstrukturar
- Leik og læring
- Geometri
- Samhandling mellom barn og vaksen i omgrepsutvikling
6. semester: Barnehage og skule
- Matematisk kompetanse hjå førskuleborn
- Matematikk i 1. klasse, Læremiddel i matematikk, 1. klasse
- Samhandling mellom barn og vaksen i omgrepsutvikling
- Posisjonssystemet
Eit emne kan arbeidast med i begge semester.
Undervisnings- og læringsformer
Studiet er organisert med vekesamlingar i Sogndal og studiegrupper lokalt. Arbeidsformer på samlingane er førelesingar, studentaktive- og problembasertelæringsformer med arbeid individuelt og i grupper. Arbeidsformene på samlingane, i lokale grupper og individuelt byggjer på at IKT vert nytta, og læringsplattforma er Classfronter. Mellom samlingane ligg aktiv bruk av lokale studiegrupper og undervisninga vil i større grad enn elles leggje til grunn at det vert arbeidd etter einplan mellom samlingane. IKT skal understøtte læringa og auke samhandlinga mellom studentane på felles- og gruppesamlingar, mellom enkeltstudentar og mellom studentar og faglærarar (informasjon, dialog og rettleiing).
Teoretisk innsikt og opplevd aktivitet skal danne grunnlag for studentane når dei skal planleggje, legge til rette, gjennomføre og vurdere pedagogisk arbeid med barn, både inne og ute.
I studiet er mapper elektoniske, om ikkje anna er sagt.
Praksis
20 veker praksis integrert i fagstudiet over fire studieår. Sjå eigen plan for praksis.
Arbeidskrav
-Obligatorisk oppmøte til samlingane i Sogndal
-Arbeid i lokale grupper
-Eitt arbeidskrav knytt til arbeidet i femte semester
-Tverrfagleg praksisprosjekt i lese-, skrive- og matematikkopplæring (norsk, matematikk og pedagogikk)
- Praksis, førebuing og etterarbeid
- Greidd praksis
Sluttvurdering
3. studieår vårsemesteret
FP332 411 Matematikk : Skriftleg individuell eksamen
Tid: 4 timar
Vekting: 75 %
FP332 412 Matematikk: Munnleg eksamen i gruppe knytt til det tverrfaglege praksisprosjektet lese-, skrive- og matematikkopplæring
Vekting: 25 %
Pensum
Førebels pensumlitteratur vil ligge føre ved studiestart. Endeleg litteraturliste skal ligge føre innan oppmeldingsfrist til eksamen. For haustsemesteret er denne fristen 15. september og for vårsemesteret 15. februar.