PE401 Naturfagdidaktikk

Kode
PE401

Namn
Naturfagdidaktikk

Studiepoeng
5.00

Kategori
Obligatorisk fag i alle årseiningar i Natur- og miljøfag for grunnskulen. Faget dekker den fagdidaktiske komponenten i naturfagleg årsstudium ved AIN.

Tid
Vårsemester

Mål for emnet

Studiet skal gje studenten innsyn i fagdidaktiske problemstillingar og øving i å planlegge undervisning i naturfaglege emne ute og i klasserommet.

Forkunnskapar

55 stp skulerelevant naturfag

Innhald / oppbygging

Studiet har ein teoretisk og ein praktisk komponent.

Teoretisk del:

Naturfagdidaktisk perspektiv, forsking og utvikling

Læreplanverket for den 10-årige grunnskulen

Evaluering av Reform 97.

Praktisk del:

Utarbeiding av to aktivitetar klargjort for publisering på nettsida for Hafslo- skule og utelaboratorium.

Undervisnings- og læringsformer

Individuelt arbeid med oppgåver. Rettleiing frå faglærar.

Praksis

Ingen

Ekskursjonar

Ingen lærarstyrt
Eigne feltstudier

Studieopphald i utlandet

Ingen

Arbeidskrav

Ingen

Sluttvurdering

Munnleg eksamen:

Førelesning (45 min) over oppgjeve emne frå pensum i teoretisk del. Oppgåva vert gjeve 48 timar før tidspunkt for førelesning.

Mappe:

Ein skuleaktivitet og ein uteaktivitet publisert på Nettsida for Hafslo skule- og utelaboratorium.

Vurdering: Greidd/ikkje greidd

Pensum

Læreplanverket for den 10-årige grunnskolen. Det kongelige kirke-, utdannings og forskningsdepartement, 1996. Kapitla: Generell del, s9-53; Prinsipp og retningslinjer for opplæringa i grunnskulen, s53-87; Natur- og miljøfag, s205-221.
Doris Jorde og Berit Bungum (red.): Naturfagdidaktikk. Perspektiver Forskning Utvikling. Gyldendal akademisk. ISBN 82-05-31477-2.

Almendingen S.F, Klepaker T., Tveita J.: Det bortkomne faget... Naturfaget tilbake i norsk grunnskole. Synteserapport for prosjektet: Natur- og miljøfag etter Reform 97, en evaluering ut fra elevperspektiv. http://www.program.forskningsradet.no/reform97/nedlasting/index.html

Nettsida for Hafslo skule- og utelaboratorium. http://home.hisf.no/hugom/utelab/index.htm