AK472 Akvakulturteknikk

Kode
AK472

Namn
Akvakulturteknikk

Studiepoeng
10.00

Kategori
Obligatorisk emne i bachelorstudiet i akvakultur.

Tid
Emnet går gjennom alle dei fem første semestra av studiet med ein
praksisperiode på sommaren framfor 5. semester.

Mål for emnet

Gje studentane teoretisk innsikt i oppbygging av og praktisk dugleik i drift av ulike typar anlegg for oppdrett av akvatiske organismar.

Innhald / oppbygging

Oppbygging og drift av stamfiskanlegg, klekkeri, settefiskanlegg og matfiskanlegg for laksefisk. Dyrkingsanlegg for skjel. Anlegg for marine fiskeartar og andre organismar. Vassbehandling. Produksjonsstyring.

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar om lag 20 timar. Emnet er vidare ein kombinasjon av praktisk arbeid på oppdrettsanlegg (minimum 2 veker), feltarbeid på stamfiskstasjon 2 dagar, deltaking i praktisk arbeid på Høgskulen sine fjord- og kyststasjonar (med atterhald om igangsetting), og ein meir konsentrert del med laboratorieøvingar i 5. semester (haust).

Arbeidskrav

Godkjende rapportar frå praksis, feltarbeid og laboratorieøvingar.

Sluttvurdering

Mappevurdering.

6 godkjende rapportar.

Bokstavkarakter.

Pensum

Vert oppgitt ved kursstart.