Study Programmes 06/07 / Courses / FACULTY OF ENGINEERING AND... / AK415 Fjord og hav (Marine økosystem)  

AK415 Fjord og hav (Marine økosystem)

Kode
AK415

Namn
Fjord og hav (Marine økosystem)

Studiepoeng
10.00

Kategori
Obligatorisk emne i bachelorstudiet i akvakultur frå kull 2004 - 2007.

Tid
1. studieår, vår, blokk 1

Mål for emnet

Studentane skal kunne gjere greie for dei viktigaste biologiske og ikkje biologiske ressursane og prosessane i fjordar og hav. På basis av dette skal dei kunne gjere greie for økosystema og oppbygginga av næringsnetta i fjordar, Nordsjøen og Barentshavet. I tillegg skal studentane kunne gjere greie for rammevilkåra for oppdrett i marint miljø og grunnlaget for forvaltinga av nokre av ressursane i havet.

Forkunnskapar

Emnet støttar seg på KJ415 og BI445.

Innhald / oppbygging

Emnet legg hovudvekt på økosystema i fjordar, Nordsjøen og Barentshavet. Emnet handlar om dei fysiske, kjemiske, geologiske og biologiske forholda i desse systema. Biologidelen inneheld marin mikrobiologi, marinbiologi og fiskeribiologi. Det vert lagt vekt på faktorar som påverkar og styrer tilhøva i økosystema, og samspelet mellom de ulike faktorane. Det vert og førelese om effektar av forureining.

Undervisnings- og læringsformer

Fire veker med førelesingar, enkle demonstrasjonar, gruppearbeid og skriftleg innlevering. Ei veke med ekskursjonar (2 dagar) og rapportskriving. Ei veke med sjølvstudium.

Ekskursjonar

2 ekskursjonar: ein strandekskursjon og eit besøkt til Akvariet i Balestrand.

Arbeidskrav

Godkjend skriftleg innlevering og ekskursjonsrapport.

Sluttvurdering

Skriftleg eksamen, 4 timar. Bokstavkarakter.

Pensum

Tema gjennomgått i undervisinga. Forelesingsnotat, semesteroppgåver, ekskursjonsrapportar. Pensum elles vert oppgitt ved oppstart av emnet.