BI444 Zoologi

Kode
BI444

Namn
Zoologi

Studiepoeng
10.00

Kategori
Obligatorisk emne i bachelorstudia i akvakultur og landskapsplanlegging frå kull 2004 - 2007

Tid
1. studieår, vår, blokk 3

Mål for emnet

Studentane skal kunne:

  • beherske det teoretiske stoffet som emnet inneheld (sjå nedanfor),
  • gjennomføre enkle zoologiske felt- og laboratorieundersøkingar
  • identifisere dei vanlegaste norske dyr til eit visst presisjonsnivå.
Forkunnskapar

Føremon med kunnskapar tilsvarande emnet BI445 Økologi og evolusjon.

Innhald / oppbygging

Innføring i hovudgruppene i ”dyreriket” og deira evolusjonære slektskap.

Bygnad, miljøkrav og livssyklus hos sentrale grupper/artar. Identifisering av dei vanlegaste norske dyr til eit visst presisjonsnivå. Feltkurset går dels ut på å læra enkle innsamlingsmetodar for ein del smådyr, dels å læra kjenneteikna på dei innsamla dyra.

Undervisnings- og læringsformer

Forelesingar, kollokvium, laboratorie- og feltkurs m/skriftleg journal til mappe.

Ekskursjonar

Ekskursjon til fugleøya Runde (3 dagar), som ein del av felkursa.

Arbeidskrav

Godkjent laboratorie- og feltkurs.

Sluttvurdering

BI444 002 Mappe: Journal frå lab.- og feltkurs, tel 25 %

BI444 001 Skriftleg eksamen, 4 timer: 50 %

BI444 003 Praktisk ”artsprøve”, ca. 1 time: 25 %

Pensum

- Hågvar, E. 1998: Det zoologiske mangfoldet.Universitetsforlaget. ISBN 82-00-12739-7.

- Campbell, N.A. & Reece, J.B. 2002: Biology.6th.ed.Benjamin/Cummings. ISBN 0-8053-6624-5.Enkelte kapittel.

Støttelitteratur:

- Hickman, C. et al. 1997: Integrated principles of Zoology.McGraw-Hill. ISBN 0-697-24366-4.

- Diverse handbøker om ulike dyregrupper.