Study Programmes 06/07 / Courses / FACULTY OF ENGINEERING AND... / ME420 Statistikk med bruk av programvare  

ME420 Statistikk med bruk av programvare

Kode
ME420

Namn
Statistikk med bruk av programvare

Studiepoeng
10.00

Kategori
Obligatorisk emne i bachelorstudia i akvakultur, ressursgeologi og landskapsplanlegging 2004 - 2007.

Tid
1. studieår, vår blokk 2 landskapsplanlegging og ressursgeologi
2. studieår, vår, blokk 2 akvakultur

Mål for emnet

Gje studentane ei forståing av korleis eit rekneark verkar, og setje dei i stand til å bruke reknearket Excel ved løysing av ulike problemtypar. Studentane skal forstå kor viktig statistikk er i forsking, dei skal kjenne nokre av dei vanlegaste metodane, og dei skal kunne bruke nokre statistiske programvarer.

Forkunnskapar

Ingen krav, men ein fordel med litt matematiske kunnskapar.

Innhald / oppbygging
  • Bruk av reknearket Excel: Om tekst, tal og formlar i eit rekneark. Diagram, cellereferansar, seriar og funksjonar.
  • Kvifor statistikk ? Dei mest vanlege omgrepa. Sannsynsrekning. Statistiske metodar for innsamling og analyse av data. Sannsynfordelingar. Estimering av usikkerheit. Diverse parametriske og ikkje-parametriske hypotesetestar. Korrelasjon og enkel regresjon.
  • Innføring i SPSS, og bruk av dette i variansanalyse, multivariate analyser.
Undervisnings- og læringsformer

Forelesingar, kollokvium, innleveringsoppgåver.

Arbeidskrav

Godkjente innleveringsoppgåver.

Sluttvurdering

Skriftleg eksamen, 4 timar.

Sluttvurderinga er revidert ved dekanvedtak 09.11.05

Pensum

Karbo, M.B.: Excel 2002. Egmont.
- Enten: Fowler, J. et al. 1998: Practical statistics for field biology. Wiley & Sons. ISDN 0-471-98296-2.
- Eller: Swan, A. & Sandilands, m. 1995: Introduction to geological data analysis. Blackwell. ISBN 0-632-03224-3.
Palant, J.: SPSS, Survival manual. A step by step guide to data analysis using SPSS. (Deler av heftet)
Støttelitteratur:-
- Johnson, R. & Bhattacharyya, G. 2001: Statistics. Principles and methods. John Wiley & Sons. ISBN 0-471-38897-1

- Løvås, G. 1999: Statistikk for universiteter og høgskoler.Universitetsforlaget. ISBN 82-00-12775-9.

- Blæsild, P. & Granfeldt, J. 2003: Statistics with applications in biology and geology. Chapman & Hall/CRC.ISBN 1-58488-309-X.