Kode
AK425
Namn
Oppdrett av marine fiskeslag og algar
Studiepoeng
10.00
Kategori
Obligatorisk emne i bachelorstudiet i akvakultur frå kull 2004 - 2007.
Tid
2. studieår, vår, blokk 2
Mål for emnet
Studentane skal kunne gjere greie for biologien til og oppdrett av marine fiskeslag, inklusive stamfisk, yngelproduksjon og produksjon av matfisk, og algedyrking.
Forkunnskapar
Emnet byggjer på emna: innføring i akvakultur, zoologi, kjemi, og marine økosystem, eller tilsvarande kunnskapar.
Innhald / oppbygging
Dyrking av fôrorganismar, startfôring av marine fiskelarvar, biologi og oppdrett av torsk, kveite, piggvar, tunge, raudspette, steinbit, ål og andre potensielle artar for oppdrett i Noreg. Kulturbetinga fiske nasjonalt og globalt. Biologi og oppdrett av dei viktigaste oppdrettsartane internasjonalt, inklusive makroalgar.
Undervisnings- og læringsformer
Førelesingar og gjesteførelesingar, skriftlege arbeidsoppgåver og seminar. Øvingar på akvakulturstasjonen.
Ekskursjonar
Ein dagsekskursjon.
Arbeidskrav
Godkjende arbeidsoppgåver.
Sluttvurdering
Skriftleg eksamen, 4 timar. Bokstavkarakter.
Pensum
Tema gjennomgått i undervisinga. Forelesingsnotat, utdelte kompendium og artiklar.
Moksness, E., Kjørsvik, E. & Olsen, Y., 2004. Culture of Cold-Water Marine Fish, Blackwell Publishing. ISBN 0-85238-276-6