Study Programmes 06/07 / Courses / FACULTY OF ENGINEERING AND... / AK492 Bacheloroppgåve i akvakultur  

AK492 Bacheloroppgåve i akvakultur

Kode
AK492

Namn
Bacheloroppgåve i akvakultur

Studiepoeng
20.00

Kategori
Obligatorisk emne i bachelorstudiet i akvakultur.

Tid
Vår
Frist for val av tema er 1. april i 4. semester.

Mål for emnet

Oppgåva skal vere eit sjølvstendig arbeid der studentane skal vise evne til å arbeide målretta med ei problemstilling, til å finne fram og velje ut aktuelt stoff, til å kombinere resultat frå eigne granskingar med tidlegare arbeid, og til å trekkje slutningar.

Forkunnskapar

Bacheloroppgåva byggjer på alle tidlegare emne i studiet.

Innhald / oppbygging

Oppgåva må veljast innan fagfelt der ein har rettleiingskapasitet ved HSF, som til dømes akvakultur, fiskestell, kjemiske vassanalyser, vassressursplanlegging, m.v. Det er utarbeidd eigne retningsliner for kandidatoppgåver ved avdelinga.

Undervisnings- og læringsformer

Sjølvstendig studentarbeid med rettleiing av ein eller fleire faglærarar. Det er ønskjeleg at 2 - 4 studentar går saman om ei oppgåve.

Sluttvurdering

Bacheloroppgåve, bokstavkarakter.