Study Programmes 06/07 / Courses / FACULTY OF ENGINEERING AND... / BI 433 Vegetasjonsøkologi  

BI 433 Vegetasjonsøkologi

Kode
BI 433

Namn
Vegetasjonsøkologi

Studiepoeng
6.00

Kategori
Valfritt emne i studiet Kulturlandskapskjøtsel, 30 studiepoeng.

Tid
Vår

Mål for emnet

Studentane skal få eit oversyn over moderne vegetasjonsøkologi.

Forkunnskapar

Emnet byggjer på BI424 Botanikk.

Innhald / oppbygging

Emnet gjev ei innføring i teori og metodar - mellom anna for datainnsamling, gradientanalyse og korrelasjonsanalyse- for omtale av og forståing
av vegetasjonen si utbreiing regionalt og lokalt. Det vert spesielt fokusert på kva for lokale gradientar som er dei viktigaste for å forklare variasjonen i vegetasjonen i ulike økosystem i Norge.

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar

Arbeidskrav

Godkjend gruppepresentasjon.

Sluttvurdering

Skriftleg eksamen 3 timar. Bokstavkarakter.

Pensum

Fremstad, E. 1997. Vegetasjonstyper i Norge. NINA Temahefte 12: 1-279
Moen, A. 1998. Nasjonalatlas for Norge: Vegetasjon. Statens Kartverk, Hønefoss.
I tillegg kjem litteratur som vert delt ut på førelesningane.
Støttelitt.: Fremstad, E. og Moen, A. 2001. Truete vegetasjonstyper i Norge. -
Norg. tekn.-naturvit. Univ. VitenskMus. Rapp. bot. Ser. 2001. 4: 1-231.