Study Programmes 06/07 / Courses / FACULTY OF ENGINEERING AND... / BI 434 Vegetasjonsøkologi  

BI 434 Vegetasjonsøkologi

Kode
BI 434

Namn
Vegetasjonsøkologi

Studiepoeng
10.00

Kategori
Obligatorisk emne i bachelorstudium i Landskapsplanlegging.

Tid
2. studieår, vår

Mål for emnet

Studentane skal få eit oversyn over moderne vegetasjonsøkologi.

Forkunnskapar

Emnet byggjer på BI424 Botanikk.

Innhald / oppbygging

Emnet gjev ei innføring i teori og metodar - mellom anna for datainnsamling, gradientanalyse og korrelasjonsanalyse- for omtale av og forståing av vegetasjonen si utbreiing regionalt og lokalt. Det vert spesielt fokusert på kva for lokale gradientar som er dei viktigaste for å forklare variasjonen i vegetasjonen i ulike økosystem i Norge.

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar, gruppearbeid og seminar.

Ekskursjonar

Obligatorisk feltarbeid på forsommaren, 4 dagar med overnatting.

Arbeidskrav

Godkjend gruppepresentasjon.

Sluttvurdering

Skriftleg eksamen 4 timar. Bokstavkarakter

Pensum

Fremstad, E. 1997. Vegetasjonstyper i Norge. NINA Temahefte 12: 1-279
Larsson, J.Y. og Søgnen, S.M. 2003. Vegetasjon i norsk skog - vekstvilkår og skogforvaltning. - Landbruksforlaget, Oslo, 256 s.

Moen, A. 1998. Nasjonalatlas for Norge: Vegetasjon. Statens Kartverk, Hønefoss.
I tillegg kjem litteratur som vert delt ut på førelesningane.

Støttelitt.: Fremstad, E. og Moen, A. 2001. Truete vegetasjonstyper i Norge. -
Norg. tekn.-naturvit. Univ. VitenskMus. Rapp. bot. Ser. 2001. 4: 1-231.