SV100 Kommunikasjon og service

Kode
SV100

Namn
Kommunikasjon og service

Studiepoeng
15.00

Kategori
Vidareutdanning - Servicestudiet, emne 1 av planlagt årseining

Tid
To semester (vår og haust 2004). Ny gjennomføring: Vårsemester 2005

Mål for emnet

Gjennom kurset skal deltakarane få auka innsikt i eigen kommunikasjon. Kurset skal utvikle studentane sine strategiar og verktøy i føremålstenleg og individuelt tilpassa kommunikasjon og service, og fremme ei etisk reflektert haldning til bruken av desse. Kurset skal også auke kompetanse i å handtere kritiske situasjonar og vanskelege samtalar. Det vert gitt ei innføring i korleis mål og rammer for organisasjonen og rolla til partane i samhandlinga legg føringar for kommunikasjonen.

Innhald / oppbygging

Sentrale tema:

  • Brukarorientering og brukarmedverknad
  • Serviceteori, servicedimensjonar og servicetenking
  • Grunnleggande krav til informasjon og språkbruk
  • Verbale og ikkje-verbale kommunikasjonsformer
  • Eigen tolking og veremåte som påverknadsfaktor i kommunikasjon og service
  • Kritiske hendingar og vanskelege samtalar
  • Øving i og refleksjon over målretta kommunikasjon og utvikling av varierte kommunikasjons/samtalestrategiar
Undervisnings- og læringsformer

2-3 fellessamlingar, til saman ca 45 timar.
Lokal rettleiingsgruppe, 5-6 samlingar, totalt ca 20 timar (halvparten med lærar).

Arbeidskrav

2 –3 mindre arbeidskrav

Sluttvurdering

Individuell heimeeksamen over ei veke. Gradert karakter.
Føresetnader for å gå opp til eksamen er gjennomførte arbeidskrav og minimum 80% frammøte til fellessamlingar og lokal gruppe.

Pensum

Pensum er på om lag 950 sider/15 studiepoeng. Deler av pensum er valfritt.

Bøker

Andreassen, Tor Wallin og Silnes, Fred (2001): Serviceheltene Stølen media, 13-139, 166-175, ISBN 82-92296-01-8

135 s

Damgaard, Irena og Nørrelykke, Helle (2001): Den personlige samtalen: en
introduksjon. Høyskoleforlaget ISBN 82-7634-414-3

90 s

Johnsen, Bjørg (1999): Hva ser jeg når jeg ser? Og hva sier jeg når jeg ser?»
Oppmerksomhet, observasjon, tilbakemelding. Skriftserie for yrkespedagogikk
nr 1/99,Høgskolen i Akershus. (kjøpast ved oppstart av studiet)

40 s

Johnsen, Hans Chr. Garmann (1997): Tjenestekvalitet. Hvordan bedre kvaliteten på offentlige tjenester? Kristiansand: Høyskoleforlaget, 8-127 ISBN 82-7634-019-9

120 s

Kvalbein, A. (1999): God kontakt. Praktisk kommunikasjonslære.
IJ-forlaget/Høgskoleforlaget, Kristiansand. s 13-82,95-106, 141-156, 217-237
ISBN 82-7147-190-2

130 s

Artiklar samla i kompendium

Blakar, Rolf Mikkel (1996): Språk er makt. Pax forlag. 6. utg. Kapittel 2, s 45-80

35 s

Eide, Soveig Botnen (2003): Fordi vi er mennesker. En bok om samarbeidets etikk.. Kap 5, kap 63-71

8 s

Folgerø, Ingebjørg S. (2000): Samhandling på arbeidsplassen - fornøyde kunder, klienter og kollegaer. Gyldendal Akademisk s 107-129

22 s

Forseth, Ulla (2002): Maktspill i moderne servicearbeid. I: Ellingsæter, Anne-Lise og Solheim, Jorun (red): Den usynlige hånd? Kjønnsmakt og moderne arbeidsliv. Makt- og demokratiutredningen, Gyldendal Norsk Forlag s 333-357

24 s

Gibb, Jack R. (1961): Kommunikasjon og forsvarsholdning. (Oversettelse av artikkelen "Defensive Communication," Journal of Communication 11 (1961) 141-148)

6 s

Johannesen, Eva, Kokkersvold, Erling og Vedeler, Liv (2001): Rådgivning. Tradisjoner, teoretiske perspektiver og praksis. yldendal Akademisk 2. utg. S 149-168

20 s

Ohnstad, Anbjørg (1998). Den gode samtalen. Oslo: Samlaget. S 22-34, 108-121

24 s

Røknes, Odd Harald og Hanssen, Per-Halvard (2003): Bære eller briste. Kommunikasjon og relasjon i arbeid med mennesker. Fagbokforlaget S 185-205

20 s

Skau, Greta Marie (1997): Gode fagfolk vokser: personlig kompetanse som utfordring. Oslo: Cappelen akademisk forlag s 13-31, 42-48

25 s

Solheim, Liv Johanne og Øvrelid, Bjarne (2002): Samhandling i velferdsyrke. Fagbokforlaget. 41-66, 131-156

50 s

Tveiten, Sidsel (1998): Veiledning – mer enn ord… Fagbokforlaget S 11-23

12 s

Diverse artiklar utlevert undervegs i studiet

125 s

Valfritt pensum

50 s