NO333 Ta pulsen på språket

Kode
NO333

Namn
Ta pulsen på språket

Studiepoeng
15.00

Kategori
Vidareutdanning - Servicestudiet, emne i planlagt årseining


Tid
Haust- og vårsemester 2006 - 2007

Mål for emnet

Emnet har som mål å auka språkmedvitet og språkkompetansen hjå deltakarane og slik gjera dei betre skikka til å kommunisera med brukarane av det offentlege sine tenester. Emnet skal:
- gje eit tilbod om forbetra offentleg språk og saksbehandling med utgangspunkt i eigen arbeidspraksis.
- ta utgangspunkt i jobbsituasjonen til den enkelte, og føresetnaden er at læringa i hovudsak er knytt til tema på jobben og går føre seg på jobben

Innhald / oppbygging

For å underbyggja ”læra på jobben”-tenkinga er det eit eige mål at deltakarane skal få auka kunnskap om og trening i å bruka virtuelle verkemiddel i læringa Læringsmåla i emnet er elles knytt til forbetra praksis på seks hovudtema:

A Språket i samfunnet
* Maktspråk og språkmakt
* Kjønn og språk
* Informasjonspolitikken i det offentlege

B Rett sjanger. Vi går gjennom:
* Brevet - Norsk standard brevmal
Språk på tomgang i brev
* E-brevet – verken fugl eller fisk, men nyttig likevel?
* Notatet - ikkje eit referat
* Referat og protokoll - ulike former, formalkrav
* Rapport, mangfaldig sjanger
* Pressemeldinga - ein pyramide
* Nettartikkel og nettnotis

C Rett språk. Du skal arbeida med
eit skikkeleg nynorskkurs, dessutan
* høfleg tiltale
* meir om kjønn og språk
* mållova
* teknisk rettskriving
* ordval, du er ikkje diktar

D Godt språk
* Fagord – og uttrykk som ikkje når fram
* Å vere heilt i tåka: Jappeprat og fyllkalk
* Overdriven passivbruk
* Substantivsjuke
* Å knyte saman ledd og setningar
* Tunge ledd som bremsar forståinga

E Saksbehandling
Temaet er avgrensa til ei kort gjennomgåing av hovudprinsippa i offentleg saksbehandling, deretter avgrensa til det språkleg relevante. Det blir lagt noko ekstra vekt på elektronisk saksbehandling.
* Fakta, vurdering, vedtak - ei saksutgreiing
* Kva er saksbehandling? Kva bør kjenneteikne ei offentleg sak? Kven er mottakar?
* Litt om fullført saksbehandling?
* Ein mal for ei saksutgreiing
* Krav til innhald, form og struktur
* Vurdering og vedtak, ikkje lett!
* Når nokon klagar
* Særlege omsyn ved elektronisk saksbehandling

F Det munnlege saksarbeidet
* Presentasjon / Framlegging til forsamling med og utan støtte
* Presentasjon i mindre gruppe
* Formell møteleiing
* Å forma eit innlegg

G Rett verktøy til rett formål
* Kva er typisk for elektroniske læringsverktøy og prosjektverktøy? Kva brukar vi dei til? Utgangspunkt i Classfronter og eventuelt prosjektstyringsverktøy som Prosjektplassen
* Å bruke Word – som skrivestøtte, som redigeringsverktøy, som hypertekstverktøy
* Rekneark i saksbehandling og Power Point e.l. til presentasjon – kort innføring
* Sak-/arkivsystem

Grunnlaget for læringsmåla er vurdering og gjennomgåing av det materialet kursdeltakarane leverer inn frå jobben sin. Gjennomgåing av resultata frå denne språkdiagnosen er eige førelesingstema.

Undervisnings- og læringsformer

Emnet er oppbygt av
- to innleverte dokument frå eige arbeid i forkant av kurset. Dokumenta skal leverast på data
- pensumlitteratur, trykt og på nett
- arbeid med oppgåveløysing i tilknyting til læringsmåla. Oppgåvene blir diskuterte og kommenterte i diskusjonsgrupper blant deltakarane og kommenterte av kurslærar etter ønske
Deltakarane må ha tilgang til pc med Internett, t.d. minimum Windows 98 med Word tekstbehandlar. Emnet blir gjennomført med det elektroniske læringssystemet Classfronter www.fronter.com. Det blir gjeve særskild opplæring i dette verktøyet.

Alle deltakarar skal ha prøvd ut virtuell rettleiing både på videokonferanse eller vanleg telefon og gjennom pc-verktøy. Det er ikkje andre krav til praksis.

Arbeidskrav

To obligatoriske gruppearbeid og to individuelle arbeid knytt til læringsmåla.

Sluttvurdering

For å få studiepoeng i emnet må deltakarane ha fått godkjent dei fire arbeidskrava og gjennomføra ein individuell eksamen. Deltakarane gjennomfører oppgåva som heimeeksamen eller på jobben. Dei har ei veke på oppgåva, som skal ha eit omfang på rundt rekna 10 arbeidstimar. Det blir gjeve bokstavkarakterar.

Pensum

Kompendium om språk og samfunn
Fretland: På saklista. Fagbokforlaget. 2006
Tekst.no, Cappelen 2001
Diverse artikkelstoff
Informasjonspolitikk for statsforvaltninga, Statskonsult 2002
”Å skrive for skjermen” – Innføringsførelesing. Utlagt på heimesida
Førelesingar utlagde på Classfronter
Stoff frå eigen arbeidsstad