Servicestudiet

Skriv ut Utskrift med emner
Namn på studiet
Servicestudiet

Studiepoeng
Planlagt årseining (60 studiepoeng)

Organisering
Deltid - emne 1 starta våren 2004, og blir avslutta med heimeeksamen i november 2004. Ny oppstart emne 1 medio januar 2005.

På bakgrunn av leiarane si sentrale rolle for å fremje endring av praksis i organisasjonen, og for å fremje læring på organisasjonsnivå, inkluderer studiet også ei oppfølging av studentane sine leiarar.
- Leiarane deltek på om lag to dagar organisert undervisning
og rettleiing pr. kurs. Delar av dette er i form av eit
særskilt undervisningsopplegg/oppfølging for leiarane.
- Leiarane skal undervegs bli informert om arbeidskrav og
generell informasjon om studiet

- Det skal vere minimum ein planlagt samtale mellom leiar og
studentane pr. kurs


Innleiing

Denne studieplanen er ei vidareføring av studiet Serviceorientert brukarsamhandling (”Servicestudiet”).
Denne studieplanen består av ein generell del, som omfattar heile studiet, og omtale av eitt av kursa, Kurs 1: Kommunikasjon og service – 15 studiepoeng (sp)
Kommunikasjon og service er det første kurset i ei planlagt årseining. Studiet er retta mot personar i brukar/klient/kundekontakt i offentleg og privat sektor.
To kurs under utarbeiding:
Brukarrettleiing og tverrfagleg samarbeid – 15 sp
Organisasjonsutvikling og endringsarbeid – 15 sp
Andre kurs som er aktuelle i eit slikt årsstudium er under vurdering, til dømes: Å skrive for skjerm, serviceutvikling og informasjonshandsaming.

 

Målgruppe

Personar som har brukar/klient/kundekontakt.

 

Mål for studiet

Utvikle kompetanse som profesjonell og samhandlingsorientert tenesteytar gjennom å

  • utvikle innsikt i brukar/kundeorientering og –medverknad og serviceorientering, og korleis dette kan gjennomførast
  • vidareutvikle innsikt i samanhengar mellom grunnleggande verdiar og språkleg og ikkje-språkleg kommunikasjon
  • utvikle ulike strategiar og verktøy i samtalen og ikkje-verbal kommunikasjon, og ha ei etisk reflektert haldning til bruken av dei
  • auka kompetansen i gjennomføre vanskelege samtalar
  • utvikle auka medvit omkring eigen veremåte og korleis denne verkar på andre
  • utvikle strategiar i rettleiing/rådgjeving
  • kunne planlegge, gjennomføre og vurdere målretta og god samhandling med brukarar og medarbeidarar i og utanfor eigen organisasjon
  • auke innsikt i korleis kultur, lovverk og fysiske rammefaktorar påverkar kommunikasjon og korleis vi kan påverke desse
  • auke kompetanse i å kommunisere formålsretta i tråd med overordna mål for tenesta/organisasjonen, eige mandat og i tråd med eiga rolle
  • auke kompetanse i å arbeide i grupper /team
  • auke kompetanse i å arbeide brukarretta på tvers av organisasjonar, etatar og faggrupper
  • utvikle evne til kritisk refleksjon over eige arbeid
  • kunne oppdage og reflektere over eigne og andre sin rolle og kommunikasjonsstil under ulike forhold – og korleis ulike former for kommunikasjon kan hemme eller bidra til effektiv måloppnåing i organisasjonen

Utvikle kompetanse i å møte nye utfordringar og endringar, og medverke til endring gjennom å få innsikt i

  • dilemma og moglegheiter i endringsprosessane i offentleg sektor
  • korleis kultur, organisering og fysiske omgjevnader påverkar samhandling med brukarar og kollegaer
  • korleis brukarorientering og tverrfagleg/tverretatleg samarbeid kan fremmast gjennom endringsprosessar i organisasjonen
  • fasar og strategiar i endring i organisasjonar
  • korleis læring på organisasjonsnivå kan foregå
  • korleis mål, ideologi, rammer og handlingsrom påverkar i korleis organisasjonen nyttar ny kunnskap
Opptakskrav / krav til forkunnskapar

Generell studiekompetanse.
Søkjarar kan også takast opp på grunnlag av realkompetanse.

 

Innhald / oppbygging

Studiet skal vidareutvikle deltakarane sin kompetanse i ein formålsretta kommunikasjon og rettleiing med brukarar og medarbeidarar i og utanfor eigen organisasjon, og auka deltakarane sin kompetanse innan organisasjonsutvikling.
Å dyktiggjere seg i kommunikasjon er ein livslang læringsprosess. Kommunikasjon kan aldri sjåast isolert frå kven ein er som person, den rolla ein er i når ein kommuniserer og den samanhengen eller konteksten kommunikasjonen skjer i. Kommunikasjon dreiar seg vidare om ei grunnhaldning til seg sjølv og andre i samhandlinga, og evna ein har til å forstå andre. Etisk medvit og etiske normer i samhandlinga er heilt grunnleggande for å hindre at kommunikasjon vert maktmisbruk eller manipulasjon.
Ein føresetnad for endring i kommunikasjonspraksis og endring av arbeidsmåtar i ein organisasjon er at det skjer ein endrings- og læringsprosess i organisasjonen. Studiet gjev innsikt i ulike perspektiv på organisasjonsendring, og korleis ein kan medverke til eller leie endringsprosessar i ein organisasjon. Det fokuserer vidare på å forstå sentrale trekk ved eigen organisasjonskultur og korleis leiarar og medarbeidarar saman kan utvikle organisasjonen.
Kommunikasjon er eit vidt omgrep. Kommunikasjon er sentralt både i samhandling med den enkelte brukar/kunde, og med medarbeidarar i og utanfor eigen avdeling/organisasjon. Utvikling av dialog/samtaleferdigheiter vert sett på som sentralt. Studiet legg til grunn eit syn på kommunikasjon som seier at ”alt er kommunikasjon”. Det er ikkje mogleg å ikkje-kommunisere. Dette er også sentralt i servicetenking. Også andre delar av organisasjonen enn personane kommuniserer: Organisasjonen kommuniserer mellom anna også gjennom arkitektur, rutinar og regelverk.
Ei breitt samansett studentgruppe vert sett på som ein ressurs i studiet. Å sjå seg sjølv og eigen organisasjon utanfrå er ikkje enkelt. Ei breitt samansett studentgruppe er ei rikhaldig kjelde til å perspektivere eigen ståstad og verksemd, få erfaringar og kompetanse i å arbeide saman på tvers av organisasjonskulturar og fag, og få auka kjennskap til faggrupper og etatar ein samarbeider med i eige arbeid.
Studiet vektlegg utvikling av praktisk handlingskompetanse og nær kopling til eige arbeid. Studiet vektlegg også å bli meir bevisst på eigen tolking, vanar og veremåte. Dette er sentralt for å kunne endre eigen tolking og veremåte, utvikle ei større breidde kommunikasjons- og handlingsstrategiar og utvikle kritisk refleksjon.

 

Undervisnings- og læringsformer

Organisering, undervisnings- og læringsaktivitetane skal fremje

  • kommunikasjons-, samarbeids og endringskompetanse
  • integrering av eigne erfaringar, ferdigheiter, verdiar og teori
  • aktiv deltaking i studiet og kritisk tenking
  • utvikling av eigen praksis og eigen organisasjon

Læringa i studiet skjer ved eit samspel mellom eigen arbeidspraksis, praktiske øvingar og teoretiske studiar og refleksjon over eigne og andre sin kommunikasjon og i eit lærande fellesskap av studentar og lærarar. Læringa forutset engasjement, dialog og refleksjon. Studiedeltakarane sine ulike erfaringar og kunnskapar er ei kjelde for å lære av kvarandre.
Studiet har to typar samlingar; fellessamlingar, og basisgrupper.
I tillegg kjem arbeidskrav, arbeidsplassbesøk og individuelt arbeid.

Fellessamlingar: Omfang: 2-3 samlingar pr kurs, inntil 3 timar/studiepoeng.
Fellessamlingane er lagt til Høgskulen, og på desse vert sentrale emne og problemstillingar blir teoretisk og praktisk belyst og arbeidd med. Aktuelle undervisnings/arbeidsformer er forelesning, ulike typar gruppearbeid, øvingar og framlegg av studentarbeid.

Lokale grupper. Omfang: Inntil 3 timar/studiepoeng. Med/utan lærar.
Arbeidet i gruppene har noko ulikt preg i dei ulike kursa. Aktuelle arbeidsmåtar: Praktiske øvingar, rettleiing, refleksjon over eigne erfaringar relatert til teori, arbeid med arbeidskrav.

Individuelt arbeid. Sjølvstudie og refleksjonar over eige arbeid, skriftlege arbeid, observasjonsnotat, prosessnotat/refleksjonar etc, eigen arbeidspraksis.

Bruk av Internett. Studiet forutset at studenten har tilgang til internett (på arbeid eller heime). Internett vert nytta som sentral kommunikasjons- og informasjonskanal og som læringsverktøy

Arbeidskrav

Arbeidskrav er ulike aktivitetar som skal gjennomførast i løpet av studiet. Arbeidskrava kan vere av ulik form, men er hovudsakleg mindre prosessorienterte skriftlege arbeid på 1-5 sider, relatert til tema i studiet og nært knytt til eigen arbeidsplass. Arbeid med arbeidskrav er såleis ein måte å lære på. Delar av arbeidskrava vert gjennomført i gruppe. Rettleiing/respons/tilbakemelding frå lærar og/eller medstudentar, evt. kollegaer.