Førskulelærar med 60 studiepoeng vidareutdanning innretta på undervisning på 1. til 4. klassesteg kan tilsetjast som lærarar på desse stega i grunnskulen. Denne fagplanen/emneplanen utgjer fjerdeparten av dette kravet.
Studiet skal gi bakgrunn for å undervisa i matematikk i 1. – 4. klassepå ein fagleg trygg og reflektert måte.
Fullført førskulelærarutdanning og GLSM F
Fagleg og fagdidaktisk kunnskap i desse emna:
- Tallære
- Algebra og funksjonslære
- Geometri
- Statistikk og sannsynsrekning.
Studiet er organisert med regionsamlingar, lokale studiegrupper og individuelt arbeid. Mellom samlingane føreset ein aktiv bruk av studiegruppene. IKT vert nytta som kommunikasjons- og informasjonskanal. IKT skal understøtta læringa og samhandlinga både kursdeltakarane seg i mellom og mellom kursdeltakarane og høgskulen.
5 arbeidskrav som er eit direkte framhald frå arbeidet på samlinga. Difor vert samlingane obligatoriske.
GL312 001 Individuell, skriftleg eksamen.
Tid: 3 timar
Vekting: 60 %
GL312 002 Individuell, munnleg eksamen.
Vekting: 40 %