Førskulelærar med 60 studiepoeng vidareutdanning innretta på undervisning på 1. til 4. klassesteg kan tilsetjast som lærarar på desse stega i grunnskulen. Denne emneplanen utgjer fjerdeparten av dette kravet.
Studentane skal skaffe seg føresetnader for å delta i utviklinga av eit skulemiljø som stimulerer til læring og oppleving i naturen.
Førskulelærar med fullført GLSM F
Fenomen og stoff 7 stp
Mineral og bergartar, klima, lyd, lys, magnetisme, elektrisitetslære, aggregattilstandar. Aktivitetsopplegg for grunnskulen, med vekt på klassestega 1.-4.
Verdsrommet 2 stp
Sola og solsystemet, stjernebilde, romfartshistorie, planetrørsler, dag, natt, årstider, månefasar. Elektromagntiske stråling, partikkelstråling, nordlys.Aktivitsopplegg for grunnskulen, med vekt på klassestega 1.-4.
Teknologi og design 1 stp
Gjenstandar som beveger seg vha. vatn eller luft, lysreflekterande gjenstander og oppbygnaden av desse. Aktivitsopplegg for grunnskulen, med vekt på klassestega 1.-4.
I tillegg består faget av 5 studiepoeng naturfag med vekt på følgjande tema:
Dei mest vanlege artar av tre, urter og dyr og sortering av desse, tilpassingar til årstidene, frøspiring, fruktspreiing, dyrespor, fuglelåtar, leikaktivitetar og læring om snø/vatn og luft, uteaktivitetar gjennom året, læring og oppleving gjennom leik og eksperimentering i naturfag, generelle trekk ved menneskekroppen sin bygnad og funksjon, sansane og bruken av desse.
Teoretiske og praktiske emne skal utfylle kvarandre. Teoretisk innsikt og eigenopplevd aktivitet skal danne grunnlag for studentane når dei sjølv skal planlegge, legge til rette, gjennomføre og vurdere naturfaglege emne for barn. Tverrfagleg arbeid ligg til tema, og delar av undervisninga er fagundervisning som støtte for arbeid i temaet. Varierte arbeidsformer der mellom anna elevøvingar, studieutferder og andre studentaktive og problembaserte læringsformer vil bli nytta. IKT vil inngå som ein naturleg del av studiet.
GL313 001 Mappevurdering
Skriftleg individuell oppgåve om Mangfaldet i naturen, vekt 20%
Skrifteleg individuell oppgåve om Fenomen og stoff, vekt 20%
GL313 002 Skriftlig individuell eksamen
Tid: 4 timar
Vekting: 60%
Pensumlista ligg på naturfagseksjonen sine internettsider. Førebels pensumliste vil ligge føre ved studiestart. I tillegg til det fastlagde pensumet, skal studentane kvart år legge opp eit visst tal sider med sjølvvalt pensumlitteratur. Desse sidene skal godkjennast av faglærar. Endeleg pensumliste skal ligge føre innan oppmeldingsfrist til eksamen. For haustsemesteret er denne fristen 15. september og for vårsemesteret 15. februar.