Førskulelærar med 60 studiepoeng vidareutdanning innretta på undervisning på 1. til 4. klassesteg kan tilsetjast som lærarar på desse stega i grunnskulen. Denne emneplanen utgjer fjerdeparten av dette kravet.
Studiet skal gi bakgrunn for å undervisa i norsk i 1.–4. klassepå ein fagleg trygg og reflektert måte.
Fullført førskulelærarutdanning og GLSM F
Fagleg og fagdidaktisk kunnskap i desse emna:
-Teoriar og metodar for å utvikla dugleik i skriving og lesing
-Bruk av digitale verktøy
-Utvikling av munnleg kompetanse
-Evaluering og bruk av skjønnlitteratur og læremiddel
Studiet er organisert med regionsamlingar, lokale studiegrupper og individuelt arbeid. Mellom samlingane føreset ein aktiv bruk av studiegruppene. IKT vert nytta som kommunikasjons- og informasjonskanal. IKT skal understøtta læringa og samhandlinga både kursdeltakarane seg imellom og mellom kursdeltakarane og høgskulen.
5 arbeidskrav som er eit direkte framhald frå arbeidet på samlinga. Difor vert samlingane obligatoriske.
GL311 Individuell, munnleg eksamen.