Namn på studiet
SPRÅK, TAL OG KOMMUNIKASJON 2, NM315
Studiepoeng
15
Organisering
Studiet er desentralisert, på deltid, delvis nettbasert og over to semester
Studiet er tverrfagleg: Norsk 8 sp., matematikk 3.5 sp., pedagogikk 3.5 sp
Kompetanse / formell grad
Vidareutdanning for førskulelærarar
Målgruppe
Førskulelærarar
Mål for studiet
Auke kunnskapen om
- korleis barnehagen kan bli ein god arena for formidling av kultur knytt til språk, tekst og tal
- korleis barnehagen kan bruke leiken for å stimulere barnet til meistring og lærelyst
- kva det fleirkulturelle samfunnet har å seie for kulturformidlinga i barnehagen
- korleis barnehagen kan medverke til at barn med eit anna morsmål enn norsk utviklar dei to språka på ein god måte.
Opptakskrav / krav til forkunnskapar
Språk, tal og kommunikasjon 1
Innhald / oppbygging
Studiet er andre del av ei vidareutdanning på 30 studiepoeng. Studiet byggjer på Rammeplan for barnehagen sine fagområde: Språk, tekst og kommunikasjon og Natur, teknikk og miljø.
Kulturoverføring
- Kulturformidling og kulturarbeid i barnehagen
- Ulike typar tekstar for barn
- Matematikk i kunst, kultur og historie
Det fleirspråklege samfunnet
- Norsk som andrespråk og det fleirspråklege barnet
- Det fleirkulturelle samfunnet
- Matematikk i andre kulturar
Undervisnings- og læringsformer
Studiet vert organisert med desse hovudaktivitetsformene:
- Regionale samlingar
- Lokale studiegrupper
- Nettbaserte læringsaktivitetar med Classfronter som læringsplattform. IKT vert nytta som eit hjelpemiddel både i kommunikasjon mellom lærarar og studentar (undervisning, rettleiing, oppgåveinnlevering, respons, informasjon) og mellom studentane (samarbeid, diskusjon, respons)
- Individuelt studiearbeid
- Prosjektarbeid knytt til eigen praksis
Arbeidsmappe:
- Ei samling individuelle oppgåver og gruppeoppgåver knytt til hovudområda i studiet
Praksis
Prosjekt knytt til praksis over om lag ei veke. Praksisrapport.
Sluttvurdering
Vårsemesteret
NM315 001Mappevurdering
Presentasjonsmappa skal innehalde : to obligatoriske skriftlege arbeid, eitt frå hovudområdet Kulturoverføring og eitt frå hovudområdet Det fleirspråklege samfunnet. Til kvart av arbeida skal det følgje med eit refleksjonsnotat der studenten vurderer arbeidet, arbeidsprosessen, si eiga utvikling og andre relevante forhold.
Vekting 50%
NM315 002 Prosjektrapport
Vekting 50%
Pensum
Førebels pensumliste skal ligge føre ved studiestart. I tillegg til fastlagd pensum, skal studenten leggje opp 200-300 sider sjølvvalt pensumlitteratur. Endeleg pensumliste skal ligge føre innan oppmeldingsfristen til eksamen.