Emne 1 i deltidsstudiet Filosofi med barn og unge. (Studiet som heilskap vil bli tilbode som 60 studiepoeng fordelt over 4 emne)
Emnet skal gje ein grunnleggjande kjennskap til filosofisk (og etisk) tenking, og korleis ei filosofisk tilnærming i samtalen med barn og unge kan bidra til utvikling av undring og tenking, så vel i høve til ulike livs- og kvardagsproblem som til faglege problemområde.
Generell studiekompetanse eller realkompetanse. Det vil også bli lagt til rette for at tilsette utan godkjent kompetanse kan delta på deler av emnet.
Førelesingar, seminar, individuelle studiar, gruppearbeid
Ved sida av meir tradisjonelle oversiktsførelesingar vil det bli lagt vekt på aktive læringsformer kor studentane prøver ut og deler erfaringar med kvarandre.
Praktisering av filosofisk samtale i eigne barne- og ungdomsgrupper. Loggskriving
som grunnlag for refleksjonsessay/mappeoppgåver og deling av erfaringar med medstudentar. (Erfaringslæring). Loggane leggjast ved som del av ein praksisrapport.
Det vil i utgangspunktet ikkje bli lagt opp til obligatoriske ekskursjonar. Den enkelte student kan likevel få godkjent besøk ved aktuelle institusjonar, og refleksjonsessay i samband med besøk/ekskursjonar som del av mappe/arbeidskrav.
SA300 Mappevurdering:
Arbeidsmappa skal vera ei samling av 3-5 skriftlege oppgåver (knytt til kvart hovudtema). Minst to av oppgåvene skal knytas til utprøving i/refleksjon over praksis. Formålet med arbeida er utdjuping av tema og filosofisk tenking som studenten sjølv finn interessant og relevant i høve til eigen praksis. Det vil difor vera stort rom for val av fordjuping innafor kvart hovudtema.
Nærmare krav til oppgåvene vil bli utarbeid i samråd med studentane.
Til grunn for sluttvurdering er dei obligatoriske oppgåvene. Dei skal samlast i ei presentasjonsmappe, som skal innehalde tre oppgåver, ei som HSF vel ut og to som studenten sjølv vel ut.
Pensum vil ligge føre ved studiestart. Ca 750 sider