Deltid over eitt semester med tre fellessamlingar, til saman åtte dagar.
Emnet kan utgjere ei sjølvstendig vidareutdanning på 15 studiepoeng.
Emnet svarer til emne I i vidareutdanning i Aldring og eldreomsorg, 60 studiepoeng.
Helse- og sosialarbeidarar som ønskjer auka kunnskap og handlingsberedskap i møte med eldre i ulike livssituasjonar, kvar med si eiga livserfaring.
Ved avslutta studium skal studentane ha:
- Vidareutvikle kunnskapar i gerontologi og geriatri; om aldersendringar, eldre sine levekår, livskvalitet, ressursar, funksjonssvikt, behov, sjukdommar, eldre som brukarar av helse –og sosialtenester og samfunnet sine rammevilkår.
- Kunne bruke desse kunnskapane i helsefremmande og førebyggande arbeid, i behandling, omsorg og rettleiing av eldre og deira pårørande. Sentralt: Å hjelpe den eldre til meistring av dagleglivet med fokus på ressursar
- Kunne anvende gerontologisk og anna relevant forsking i arbeidet med og for eldre.
- I samhandling med praksisfeltet setje i verk prosjektarbeid innan eit valt tema i eldreomsorg/ geriatrisk praksis
3- årig helse- eller sosialfagleg utdanning og minimum eitt års relevant klinisk erfaring etter fullført utdanning. Søkjarar med anna høgskule- eller universitetsutdanning og søkjarar med realkompetanse kan takast opp etter særskild vurdering.
Emnet er bygt opp omkring fire områder med påfølgjande sentrale tema som samla femner om nokre av dei utfordringar fagfeltet står ovanfor; førebygge, diagnostisere og behandle somatiske sjukdommar som opptrer i høg alder. Hos gamle ser ein ofte at symptom er ukarakteristiske i forhold til yngre. Dessutan er det vanleg at eldre menneske har fleire kroniske lidingar, som kvar for seg ikkje treng å vere spesielt alvorleg eller representere noko stort helseproblem. Men summen av dette kan føre til nedsett evne til å fungere i kvardagen.
Hovudvekta blir lagt på å beskrive større geriatriske problemkompleks som reflekterer korleis dei ulike sjukdommane og lidingane grip inn i den gamle si evne til å fungere, og som ofte gjev seg utslag på ein diffus måte, t.d. i form av evne til å røre på seg, dårleg balanse eller akutt forvirring. Det skal leggjast særskild vekt på førebyggande arbeid og rehabiliterande tiltak.
Aldring og eldre menneske sine livsvilkår
Sentrale tema:
- Normal aldring, med vekt på biologiske endringar
- Aldring i sosiologisk, demografisk og kulturelt perspektiv
Somatiske sjukdommar relatert til høg alder
Sentrale tema:
- Akutte somatiske sjukdommar og skader, samt progredierande og kroniske sjukdommardiagnostikk, behandling og rehabiliteringsprinsipp
- Medikamentell behandling
- Ernæring i forhold til helse og sjukdom
- Munnhelse
- Førebyggande arbeid i forhold til sjukdom og funksjonssvikt hos eldre
Meistring, sorg –og tapsreaksjonar i alderdommen
Sentrale tema:
- Evne til omstilling og meistring
- Sorg og sorgreaksjonar
- Krise –og tapsreaksjonar
- Einsemd, isolasjon og sosialt nettverk
Utøvande perspektiv/verksemd
- Planlegging og utøving av eit prosjektarbeid (utviklingsarbeid)
Føremål er her å sette i verk eit realistisk arbeid i eigen praksis.
Det vil bli brukt varierte arbeidsformer for å nå målet med studiet, til dømes førelesningar, seminar, sjølvstudium, prosjektarbeid og gruppearbeid. I tillegg vert det lagt opp til at studentane har korte framlegg for kvarandre med utgangspunkt i eigen praksis og eige prosjektarbeid.
Arbeidsmappa skal innehalde to skriftelege arbeid; prosjektplan og prosjektrapport. Deler av dette arbeidet kan vere i gruppe på inntil tre personar. Omfang: prosjektplan ca. 3 sider, prosjektrapport ca. 12 sider. Studentane får tilbakemelding på arbeida som vert gjennomført undervegs i studiet og har høve til å arbeide vidare med dette etter tilbakemeldingane
80 % frammøte til fellessamlingane
Presentasjonsmappe, 100 %
Inneheld eitt individuelt skrifteleg arbeid frå arbeidsmappa; prosjektrapporten.
Ved stryk eller forbetring kan omarbeidd tekst leverast.
Gradert karakter, A – F.
1000 sider pensum. Det kan bli små endringar og supplering av pensum grunna nye bøker som nettopp er komne. Endeleg liste er klar ved studiestart.