Studentane skal tileigne seg kunnskap om sentrale teoriar og metodar i sosialpedagogikk med tanke på å utvikle evna til å analysere sosialpedagogiske problemstillingar. Dei skal vidare utvikle og bevisstgjere eigen handlingskompetanse i det sosialpedagogiske arbeidet med barn og unge. Eit viktig læringsmål er trene seg i å ha eit tverrfagleg utgangspunkt for forståing av det sosialpedagogiske arbeidet og studentane skal bli kjend med dei mest sentrale perspektiva innan psykologisk tenking
Sentrale tema i undervisninga er innføring i sosialpedagogikk, med vekt på historikk, sentrale omgrep, teoriar og metodar. Studentane skal få kjennskap til ulike sosialiseringsarenaer der barn ferdast, og korleis desse påverkar haldningar og ferdigheiter. Psykologiundervisninga vil ha fokus på vitskapen om åtferd og mentale prosessar, motivasjon og sosialpsykologi. Studentane skal også utvikle ferdigheiter i kommunikasjon og samhandling.
Førelesingar, prosjektarbeid, gruppeundervisning, respons- og opponentgrupper, rollespel, trening i munnleg og skriftleg framstilling og individuelt studium.
Gruppeframlegging i klassen av skriftleg arbeid. Karakter: greidd/ikkje greidd.
Sosialpedagogikk
Gjertsen, Per-Åge (2003): Sosialpedagogikk. Grunnlagstenkning, kunnskap og refleksjon. Bergen, Fagbokforlaget. (250 s.).
Madsen, Bent (1995): Sosialpedagogikk og samfunnsforandring: en grunnbok. Oslo, Gyldendal Akademisk.Kap. 1, 2 og 4 (92 s.).
Psykologi
Bjerke, T. og Svebak, S. (2001) Psykologi for høgskolen. Oslo, Gyldendal Norsk Forlag
Kapittel 1, 3, 6 og 7 (ca 115 sider)
Kommunikasjon og samhandling
Dahl, Øyvind (2001): Møter mellom mennesker: interkulturell kommunikasjon. Oslo, Gyldendal akademisk. Kap. 1, 3, 5 og 6 (108 s.).
I kompendium:
Eide, Hilde mfl (1996):Kommunikasjon i relasjoner: samhandling, konfliktløsning, etikk. Oslo, Gyldendal akademisk. Kap. 5. (40 sider).
Skau, Greta Marie (1996): Mellom makt og hjelp: en samfunnsvitenskapelig tilnærming til forholdet mellom klient og hjelper. Oslo, TANO Aschehoug. Kap. 4. (15 s.).
Skau, Greta Marie (2005): Personlig kompetanse- en viktig del av profesjonaliteten. Cappelens forlag, Oslo. Kap 3 (30 s.)
Anbefalt litteratur:
St.mld.nr 40 (2001-2002) Om barne og ungdomsvernet