Study Programmes 06/07 / Courses / FACULTY OF SOCIAL SCIENCES / BSV5-100 Velferdssamfunnet  

BSV5-100 Velferdssamfunnet

Kode
BSV5-100

Namn
Velferdssamfunnet

Studiepoeng
20.00

Kategori
Obligatorisk del av første året ved bachelorstudia i barnevern, sosialt arbeid og vernepleie.

Tid
Haust.

Mål for emnet

Studenten skal få grunnleggande kunnskap om den offentlege forvaltinga i Noreg. Studenten skal også få kunnskap om sosiale institusjonar og om den rettslege reguleringa av offentleg forvalting.

Forkunnskapar

Emna i studiet byggjer i stor grad på kvarandre og ein føreset at studenten har kunnskapar frå det første emnet i studiet.

Innhald / oppbygging

Studenten vil først få ei innføring i stats- og kommunalkunnskap, der det vert lagt vekt på oppgåvefordelinga mellom dei ulike forvaltingsnivåa. Det vert i tillegg fokusert på dei grunnleggande sakshandsamingsreglane som gjeld for den offentleg forvaltinga. Studenten skal også få innsikt i korleis ein kan forstå samfunnet med utgangspunkt i sentrale sosiologiske teoriar, modellar og omgrep. Vidare skal studenten få innsikt i organisering og oppbygging av dei mest sentrale velferdsinstitusjonane i Norge, samt den rettslege reguleringa av helse- og sosiale tenester.

Undervisnings- og læringsformer

Undervisninga vil i hovudsak vere i form av tradisjonelle fellesførelesingar. Det vert også lagt opp til at studentane skal kunne arbeide med drøftingsoppgåver i grupper på nokre av emna. I tillegg kjem individuelt studium.

Arbeidskrav

Ingen.

Sluttvurdering

Mappevurdering
Innlevering av 1 skriftleg, individuell oppgåve. Studenten har rett på 1 time rettleiing i gruppe og 1 skriftleg tilbakemelding undervegs i arbeidet med oppgåveskrivinga. Bokstavkarakter. Ved stryk skal omarbeidd tekst leverast.

Pensum

Sosiologi
Schiefloe, Per Morten (2003): Mennesker og samfunn. Bergen. Fagbokforlaget. Kap. 1, kap. 2 (2.1 og 2.2), kap. 5, kap. 6, kap. 7, kap. 8, kap. 9 (9.1-9.4), kap. 10 og kap. 11. (250 s).

Sosialpolitikk
Hatland A./Kuhnle, S/Romøren,,T.I. (2001): Den norske velferdsstaten Oslo. Ad notam Gyldendal.

Stat- og kommunalkunnskap
Hanssen, G.S, Helgesen, M.K. og Vabø, S.I. (2005): Politikk og demokrati. En innføring i stats- og kommunalkunnskap.Oslo. Gyldendal Akademisk

Jus
Syse, A. (red.) (2006): Lovsamling: Norges Lover. Lovsamling for helse- og sosialsektoren. Gyldendal Akademiske

Andenæs, K.,Molven, O. Rasmussen, ø. Sandberg og K. og Warberg L. 6.utg (2003): Sosialrett. Universitetsforlaget. Kap. 1, 2, 3, 4 og 5.

Kjellevold, A(1995): Sosialhjelp på vilkår. Juridisk Forlag

I tillegg vert det utdelt relevante rundskriv m.m.

Med atterhald om endring.
24.04.2006

070806: Juspensum oppdatert.