Sosialpedagogisk arbeid er arbeid med og omkring menneske og handlar primært om å gi omsorg til utsette barn og unge og familiane deira. Studentane skal tileigne seg kunnskap om mangfaldet og breidda i det barnevernfaglege arbeidet og vidare få auka forståing for samanhenger mellom forsking, teori og praktisk arbeid. Eigenutvikling og bearbeiding av eigne verdiar og haldningar skal vektleggjast.
Emna i studiet byggjer i stor grad på kvarandre og ein førset at studenten har kunnskapar frå tidlegare emne.
Studentane får innføring i miljøarbeid som metode i sosialpedagogisk arbeid, herunder kunnskap om førebyggjande arbeid, samt institusjonsarbeid i barnevernet. Studentane skal vidare lære aktivitetar og aktivisering i miljøarbeid og trene på å planlegge og nytte aktivitetar i arbeidet med barn og unge. Studentane skal også ha undervisning i drama, og tema som inngår i denne undervisninga tek føre seg leik som uttrykkform og væremåte hos barn, og korleis kunnskap om leik kan nyttast i samhandling og kommunikasjon med barn. Studentane skal også få ei innføring i etisk teori og yrkesetikk. Denne undervisninga skal samla danne grunnlag for ein observasjonspraksis. Observasjonspraksis er ein 2 vekers praksisperiode kor studentane i små grupper skal ha praksis i barnehagar eller SFO. Studentane skal i denne praksisperioden få kunnskap om born sin kvardag i desse institusjonane gjennom observasjon og deltaking.
I observasjonspraksis blir studenten vurdert på grunnlag av:
Krav til nærvær på praksisplassen
Praksisperioden er obligatorisk og fråvær vert berre godteke i samband med sjukdom, maksimalt to dagar.
Normer og reglar i arbeidslivet
Studenten skal vise respekt for normer og reglar i arbeidslivet og opptre i samsvar med desse.
Faglege ferdigheiter
• Studenten skal kunne vise fleksibilitet i kommunikasjon og samhandling med barna og dei tilsette på praksisplassen
• Studenten skal kunne arbeide med fokus på barna sine behov og frå barna sitt perspektiv
• Studenten skal vise evne til å observere, for deretter å kunne analysere sine erfaringar med hjelp frå dei faglege perspektiva frå undervisninga i emnet
• Studenten skal kunne skilje mellom personlege, private og faglege verdiar, og utføre arbeidet på ein etisk forsvarleg måte.
Dekanvedtak 20.03.07 om vurderingskriterier
Førelesingar, prosjektarbeid, gruppeundervisning, respons- og opponentgrupper, rollespel, trening i munnleg og skriftleg framstilling og individuelt studium.
2 veker observasjonspraksis (gruppe) i barnehage eller skulefritidsordning.
All undervisning i dette emnet, inkludert observasjonspraksisperioden, er obligatorisk.
Mappevurdering
Innlevering av 1 skriftleg, individuell oppgåve. Studenten har rett på 1 time rettleiing i gruppe og 1 skriftleg tilbakemelding undervegs i tilknytning til oppgåveskrivinga. Bokstavkarakterar. Ved stryk skal omarbeidd tekst leverast inn.
Miljøarbeid
Halvorsen, Terje (2001): Miljøarbeid: teori og praksis. Bergen, Fagbokforlaget. Kap. 5, 6, 7 og 8. (103 s.).
Helland, Håvard m.fl. (2000): Forebyggende ungdomsarbeid. Bergen, Fagbokforlaget. Kap. 1 og 2 (47 s.)
Scheldrup, Liv m.fl (2005): Nye metoder i et moderne barnevern. Bergen, Fagbokforlaget. Kap 1, 8, 9 og 11 (107 s.)
Verpe, Anne Marie og Hilde Engja (2004): Barn på venting. Institusjonsarbeid med barn under offentlig omsorg. Kristiansand, Høyskoleforlaget. (130 s.).
Drama
Følgende kompendium ("Drama for barnevernstudiet 17/2002) er pensum for undervisning i drama både 1. og 2. studieår:
1: Aspeli, Widar og Klausine Røtnes: Den magiske barnehagen. Pedagogisk Forum 1998: Giert Wierring: Fabulerende Figurer og levende mopp. S 110?116
2: Arne Engelstad: De undertryktes teater. J.W Cappelens Forlag: 1989: s: 33?47
3: Johanneson, Gunnel og Fideli Persson:Esselte Studium: lund 1978: 78?87
4: Meek, Anne: Lek, drama og teater i skolen. Tell Forlag 2000: 12?16
5: Mykle, Bjørg: Dukkenes Magi. Pax Forlag: 1993: s 27?31 og 87?92
6: Olofsson, Birgitta Knudsdotter: I lekens verden: Pedagogisk forum 1993: 43?75
7: Osten, Suzanne: On the childrens theatre and the taboo. Hefte fra Unga Klara teater 1997
8: Paulsen, Brit: Det skjønne. Ad Notam Gyldendal 1994: s 31?33
9: Sæbø, Aud Berggraf:: Drama et kunstfag. Tano Aschehoug 1998: 88?97
10: Folkman, Marie-Louise og Eva Svedin: Barn som ikke leker-fra ensomhet til sosial lek. Pedagogisk Forum 2004
Etikk
Aadland, Einar (1998): Etikk for helse- og sosialarbeidarar. Oslo, Samlaget. Del 1 og del 2. (180 s.).
Observasjonspraksis
Bjørndal, Cato R.P. (2002): Det vurderende øyet. Oslo, Gyldendal Akademisk. Kap. 2 og kap. 4. (37 s).
Løkken, Gunvor og Frode Søbstad (1999): Observasjon og intervju i barnehagen. Oslo, Tano. Kap. 3 og 5 (47 s.).
Med atterhald om endring.
24.04.2006