Studentane skal få forståing for korleis ein historisk har tenkt om barn og unge sine oppvekstvilkår, posisjon og verdi i samfunnet. Med utgangspunkt i pedagogiske teoriar og metodar skal studentane utvikle forståing for korleis ein kan leggje til rette for positivt læringsmiljø for barn og unge. Gjennom aktivitetsfaga skal studentane tilegne seg praktiske ferdigheter, og dei skal få kjennskap til korleis praktisk kunnskap i musikk, friluftsliv og kunst & handverk har direkte relevans i barnevernsarbeid.
Alle emne frå første og andre studieåra må vere greidd.
Undervisninga skal ha fokus på skuleverket, og studentane skal få innsikt i forutsetnader for å skape eit positivt læringsmiljø. Arbeid mot mobbing vil her stå sentralt. Studentane skal få kunnskap om barne- og ungdomskultur på ulike arenaer som familie, skule og fritid. Studentane vel eit av aktivitetsfaga musikk, friluftsliv og kunst & handverk.
Studentane betaler sjølv eventuelle utlegg til turar, material og liknande i aktivtetsfaga.
Førelesingar, seminar, prosjektarbeid, praktiske aktivitetar og individuelt studium. Studentane betaler sjølv eventuelle utlegg til turar, material og liknande i aktivtetsfaga.
Aktivitetsfaga har krav om obligatorisk deltaking.
Praktisk øving i aktivitetsfag der ein også skal vise til kunnskapar frå dei teoretiske faga i emnet. Karakter: Greidd/ikkje greidd.
Sosialpedagogikk
Fauske, Halvor og Tormod Øia (2003): Oppvekst i Norge. Oslo, Abstrakt forlag AS. Heile boka unnateke kap. 4 og 5. (200 s.).
Olweus, Dan (1992): Mobbing i skolen: Hva vet vi og hva kan vi gjøre. Oslo, Universitetsforlaget. s. 13-99 (86 s.).
I kompendium:
Kvello, Øyvind og Christian Wendelborg (2005): Mobbing knyttet til barns sosiale hierarkier på pedagogiske arenaer. (12 s.). I Barn nr. 1, Norsk senter for barneforskning, 2005.
Prieur, Annick (1999): Respekt og samhold. Unge innvandrermenn, kriminalitet og maskulinitet. (17 s.).
Øia, Tormod (1999): Foreldre og barn mellom tradisjonalitet og maskulinitet. (16 s).
De to siste artiklene finnes i Jensen, Ann-Magritt m.fl: Oppvekst i barnets århundre. Historier om tvetydighet. Oslo, Ad Notam Gyldendal.
Pedagogikk
Ekeberg, Torill Rønsen og Jourun Buli Holmberg (2002): ”Tilpasset opplæring og spesialpedagogisk arbeid i skolen.” Universitetsforlaget. (212 s.).
Aktivitetsfaga
Valfag – friluftsliv
Loftesnes, Jan Morten (1998): På Naturleikeplassen. Oslo, SEBU-forlag. (90 s.).
I kompendium:
Bagøien, T.E: Barns oppleving av natur. Barnehagenytt 4/1998.
Bagøien, T.E: Levende og verdifulle voksne. Norsk skoleblad 33/1998.
Bagøien, T.E: Lag en god naturleikeplass. Norsk skoleblad 31/2000.
Bagøien, T.E og Skjesol: Økosofisk friluftsliv i barnehagen. Debattserien for barnehagefolk 1/1997.
Valfag – musikk
Bjørkvold, Jon-Roar (2001): Det musiske menneske. Oslo, Freidig Forlag (350 s.)
Valfag – forming (kunst & håndverk)
Vert fastsett ved studiestart.
Med atterhald om endring.
24.04.2006