Studenten skal få øving i å arbeide sjølvstendig med eit større problemområde, og få eit meir analytisk forhold til teori og praksis.
Alle emne frå første og andre studieåret, samt det første emnet frå tredje studieåret må vere greidd.
Studenten vel sjølv tema til oppgåva, men tema skal vere knytt til profesjonsutøvinga. Problemstillinga skal godkjennast av rettleiiar. Oppgåva skal vere på om lag 20 sider. Studenten skal utvikle ei presis problemstilling, jobbe bevisst i forhold til metodiske krav, bruke relevant teori, og få til ei sjølvstendig og analytisk framstilling av problemområdet. Evaluering av oppgåva er basert på kor vidt studentane klarer å innfri desse krava.
Bacheloroppgåva er eit individuelt arbeid. Studenten har rett på inntil 5 timar rettleiing (den første i gruppe og dei neste som individuell rettleiing).Studenten har ansvar for å førebu seg til rettleiinga.
Oppgåva vert vurdert av ein eksamenskommisjon og får bokstavkarakter.
Studenten vel 400 s pensum i tilknytning til bacheloroppgåva. Det sjølvvalte pensumet skal godkjennast av rettleiiar.