Studenten skal få trening i å utøve den profesjonelle kunnskapen gjennom å analysere og handtere vanskelege og komplekse barnevernsfaglige situasjoner på ein etisk reflektert måte.
Alle emne frå første og andre året, samt det første emnet frå tredje året skal vere greidd. Bacheloroppgåva som skal vere levert inn til sensur. Emnet bygger på det meste av den grunnleggande kompetanse ein forventer at ein barnevernspedagog har og slik sett føreset ein at studenten har tileigna seg kunnskapane frå alle tidlegare emne som inngår i bachlorstudiet i barnevern.
Undervisninga vil ha fokus på trening i konkret utføring av barnevernsfaglig arbeid, herunder øving i å handtere etiske dilemma knytt til yrkesutøvinga. Studentane skal få inngåande kjennskap til kva som ligg til grunn for omsorgsovertaking, samt vurderingar og bruk av relevant lovverk ved slike høve. Studentane skal få kjennskap til samanhengen mellom problemkomplekset som vedkjem barnet og ungdomen, den rettslege prosessen gjennom fylkesnemnda si handsaming av saker, og dei plasseringsalternativ som ein vel. Studentane skal få kjennskap til vilkåra for tvangsplassering av ungdom og dei skal få kjennskap til fosterheimsarbeid. Prinsippet om barnets beste skal stå sentralt i undervisninga. Studentane skal også utdjupe sine ferdigheiter i kommunikasjon og samhandling med vekt på konflikthandtering.
Førelesingar, gruppearbeid, rollespell og individuelt studium.
Deltaking i all undervisning i dette emnet er obligatorisk.
Munnleg eksamen. Bokstavkarakter.
Banks, Sarah (2001): Ethics and Values in Social Work. Palgrave. Kap. 1-8 (175 s.)
Bunkholdt, Vigdis og Mona Sandbæk (1998): Praktisk barnevernsarbeid. Oslo, Universitetsforlaget. Del 4, kap. 10, 11 og 12. (s. 196-267). (71 s.).
Bunkholdt, Vigdis (1999): Fosterhjemsarbeid: fra rekruttering til tilbakeføring. Oslo, Universitetsforlaget. s. 11-21, 23-56, 58-65, 68-107, 110-134. (94 sider).
Falck, Sturla og Torill Havik (2000): Barnevern og fylkesnemnd. Oslo, Kommuneforlaget. Kap. 1, 4, 5 og 7. (71 s.).
Hoem Kvam, Marit (2001): Seksuelle overgrep mot barn. Oslo, Universitetsforlaget. (150 s.).
Killén, Kari (1994): Sveket: omsorgssvikt er alles ansvar. Oslo, Kommuneforlaget. Del V med unntak av kap. 28. (130 s.).
Rydning, Tove (1997): Vold – en arbeidsmiljøutfordring. Oslo, Kommuneforlaget A/S. Del 1-5. Anbefalt litteratur kap. 6-7 og vedlegg. (114s.).
I kompendium:
Backe-Hansen, Elisabeth (2003): Biologi, barnevern og beslutninger: Kritisk refleksjon over det biologiske prinsippet. I Norges Barnevern nr. 3-2003. (12 s.).
Edwardsen, Audun (1994): Fylkesnemndas rolle i barnevernet. I Oppedal, Mons, Kirsten Sandberg og Aslak Syse: Barnevernet og barnevernloven. Oslo, Ad notam Gyldendal. (13 s.).
Sandbæk, Mona (2003): Verdier og faglige problemstillinger knyttet til det biologiske prinsipp i barnevernet. I Norges Barnevern nr. 3-2003. (6 s.):
Ulvik, Oddbjørg Skjær (1997): Går det an å ha to mammaer? Fosterbarns meningskonstruksjon. I Backe-Hansen, Elisabeth og T. Havik (red.): Barnevern på barns premisser. Oslo, Ad Notam Gyldendal. (16 s.).
Pensum i jus (tvangsbestemmelsene) blir fastsett medio mai.
Med atterhald om endring.
24.04.2006