Studentane skal tileigne seg kunnskap om og forståing for utviklinga og historikken i sosialt arbeid, både nasjonalt og internasjonalt. Dei skal vidare utvikle kunnskap om korleis ulike teoretiske perspektiv i sosialt arbeid verkar inn på yrkesutøvinga og dei skal få kunnskap om elementær saksbehandling. Vidare skal studentane bli kjent med sentrale perspektiv innan psykologisk tenking.
Studentane skal få innføring i metodar i sosialt arbeid, saksbehandling og dei skal trene seg i skriftleg framstilling og utøving av fagleg skjønn. Studentane skal intervjue ein sosionom for å bli kjent med yrket dei vert utdanna til. Studentane skal få kunnskap om psykologi som vitskapen om åtferd og mentale prosessar, motivasjon og sosialpsykologi.
Førelesingar, seminar, prosjektarbeid, gruppeundervisning, respons- og opponentgrupper, trening i munnleg og skriftleg framstilling og individuelt studium.
Gruppeframlegging av skriftleg arbeid. Karakter: greidd/ikkje greidd.
Askeland, G. A. og Molven, O. 2006. Dokument i klientarbeid. Universitetsforlaget. Oslo. (130 sider)
Bjerke, T. og Svebak, S. (2001). Psykologi for høgskolen. Gyldendal Norsk Forlag. Oslo.Kapittel 1, 3, 6 og 7 (ca 115 sider)
Halvorsen, K. (2002) Forskningsmetode for helse- og sosialfag. Den delen av boken som handler om kvalitativ metode er pensum. resten av boken er pensum i SOS5-101
Hutchinson, G.S. og Oltedal, S. 2003. Modeller i sosialt arbeid. Universitetsforlaget. Oslo.
Kompendium (til sammen 23 sider):
Baarsgaard, E. og Hedne, J.O.: Fra journalnotat til fagleg tekst. Embla, nr 2 2003 , 6 sider
Kvivesen, H. G.: Kan Kari få råd til å styre penger ?Embla,nr 2 2002 ,4 sider
Steinsvik, A.: Sonja, Sammy og sosialkontoret,Emblanr 62005,6 sider
Tveito, Å. B.: Hvorfor journaler på sosialkontor ?Nordisk sosialt Arbeid, nr 2 1998, 7 sider
Med atterhald om endring.
24.04.2006
06.07.06 Lagt til pensum: Halvorsen: Forskningsmetode