Study Programmes 06/07 / Courses / FACULTY OF SOCIAL SCIENCES / SOS5-101 Psykologi, forskingsmetode og sosialt arbeid  

SOS5-101 Psykologi, forskingsmetode og sosialt arbeid

Kode
SOS5-101

Namn
Psykologi, forskingsmetode og sosialt arbeid

Studiepoeng
15.00

Kategori
Obligatorisk del av første året ved bachelorstudiet i sosialt arbeid.

Tid
Vår.

Mål for emnet

Studenten skal tileigne seg kunnskap om sentrale teoriar innan psykologi og korleis desse kan kaste lys over tema som er sentrale for seinare yrkesutøving. Dei skal vidare
tileigne seg kunnskap om samfunnsvitsakpleg tenkjemåte og få innføring i korleis ein gjennomfører samfunnsvitskaplege undersøkingar. Studenten skal tileigne seg kunnskap i systemteoretisk problemløysingsmodell i sosialt arbeid. Den teoretiske gjennomgangen skal lære studenten å knytte teori til praktisk sosialt arbeid.

Forkunnskapar

Emna i studiet byggjer i stor grad på kvarandre og ein føreset at studenten har kunnskapar frå tidlegere emne.

Innhald / oppbygging

Tema som inngår i undervisninga er utviklings- og personlegdomspsykologi, læring, psykiske lidingar og avvik samt helsepsykologi . Vidare skal studentane få undervisning i fasane i ein forskingsprosess, og sentrale tema her er kva som skil kvantitative og kvalitative undersøkingar. Studentane skal få kjennskap til korleis dei kan anvende forskingsmetode også i utøving av sosialt arbeid. I undervisninga vert det lagt vekt på korleis ein arbeider med å løysa sosiale problem der også brukarmedverknad vil være eit sentralt tema.

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar, oppgåveseminar, gruppearbeid, rollespel og eigen aktivitet.

Arbeidskrav

Obligatorisk deltaking i undervisninga i sosialt arbeid.

Sluttvurdering

4 timar skuleeksamen. Bokstavkarakter.

Pensum

Bjerke, T. og Svebak, S. (2001) Psykologi for høgskolen. Oslo, Gyldendal Norsk Forlag. Kapittel 4, 8-11 (130 sider)

Bunkholdt, V. (2000) Utviklingspsykologi. Oslo, Universitetsforlaget

Kapittel 1-21 (270 sider)

Compton og Galaway (2005) Social work process.

USA, Brooks/Cole Publishing Company. Kapittel 1-5, 7, 10, 11 og 18 (258s)

Grinde,Turid Vogt (2006) Nordisk barnevern: Variasjon i normer, holdninger og praksis i Tidsskrift for Norsk Psykologforening, nr 43, 2006. Artikkelen blir delt ut i undervisningen.

Halvorsen, K. (2002) Forskningsmetode for helse- og sosialfag. Oslo, Cappelen Akademisk Forlag (180 s )

Helgeland, Inger Marie 2001. "Intervju av marginale grupper i etterundersøkelser - noen etiske dilemmaer". I: Pål Repstad og Anne Ryen (red.): Verneverdig. Barnevern, forskning og etikk. Bergen: Fagbokforlaget. [Artikkelen blir delt ut i undervisningen]

Med atterhald om endring.
24.04.2006

Endring 11.12.2006: Lagt inn art. av Turid Vogt Grinde (SG)

Endring 18.12.06: Lagt inn Helgeland 2001 (SN)