Gjere studentane i stand til å utvikle evner til kommunikasjon og refleksjon for klientretta arbeid. Studentane skal vidare bli kjent med organisasjonar og institusjonar der sosionomar arbeider.
Emna i studiet byggjer i stor grad på kvarandre og ein føreset at studenten har kunnskapar frå tidlegare emne.
Innføring i etikk med vekt på å kunne identifisere etiske problem, nytte etisk teori og analysere etiske situasjonar som er relevante for sosialarbeidarar. Studentane skal få opplæring i kommunikasjons- og relasjonsteori med vekt på sentrale omgrep og problemstillingar knytt til samhandling, samt bli kjent med og kunne nytte ein interaksjonsmodell. Dei skal få kunnskap om og bli kjent med grunnlaget for økonomisk rådgjeving og individuell plan, samt få trening i å kunne formidle denne kunnskapen på ein klientretta måte. Studentane skal òg gjere eit sjølvstendig arbeid i feltet og øve seg i munnleg og skriftleg framlegging, basert på skriftlege oppgåver der det blir lagt vekt på samfunnsfagleg, juridisk og metodisk kunnskap.
Førelesingar. Seminar og gruppeundervisning under rettleiing av faglærer. Studentane skal også nytta opponent- og responsgrupper. Delar av seminar- og gruppeundervisninga er ferdigheitstrening. I samband med prosjektpraksis blir det gitt rettleiing i grupper.
Obligatorisk deltaking i undervisninga. Prosjektpraksisoppgåve (gruppe) med ein time rettleiing og ein skriftleg tilbakemelding.
1 individuell oppgåve til mappe med 1 time rettleiing i gruppe og 1 skriftlig tilbakemelding. Bokstavkarakter.
Aadland, Einar: Etikk for helse og sosialarbeidarar. Oslo. Det norske samlaget.
Røkenes, O.H. og Hansen, P-H. : Bære eller briste. Kommunikasjon og relasjon i arbeid med mennesker. Fagbokforlaget.
Shulmann, L.: Kunsten å hjelpe individer og familier. Gyldendal norske forlag.
Stolanowski, P-A og Tvetene, K..G.: Har vi råd, mamma? Om inntektssikring og fattigdom.
Med atterhald om endring.
24.04.2006