Study Programmes 06/07 / Courses / FACULTY OF SOCIAL SCIENCES / SOS5-200 Arbeid med menneske i ulike livsfasar  

SOS5-200 Arbeid med menneske i ulike livsfasar

Kode
SOS5-200

Namn
Arbeid med menneske i ulike livsfasar

Studiepoeng
10.00

Kategori
Obligatorisk del av andre studieåret ved bachelorstudiet i sosialt arbeid.

Tid
Haust, frå 2007.

Mål for emnet

Studentane skal tileigne seg kunnskap om og utvikle evne til å nytte ulike arbeidsmåtar i høve til familiar, grupper, organisasjonar og nærmiljø. Studentane skal få kunnskap om og ferdigheiter i å analysere årsaker til sosiale problem i høve til ulike fasar i livet.

Forkunnskapar

Alle emne frå første studieåret må vere greidd.

Innhald / oppbygging

Iundervisninga skal ein ha fokus på sosialt arbeid med familiar, grupper og eldre. Vidare skal studentane få kunnskap om korleis ein kan utvikle gode kontaktar og relasjonar med sikte på endringsarbeid saman med enkeltpersonar, grupper, offentlege og private instansar. Studentane skal trenast i å observere andre og seg sjølv i samspel og kunne gi og ta imot tilbakemeldingar, samt arbeide med etiske problemstillingar. Studentane skal også få innføring i familieteori.

Undervisnings- og læringsformer

Førelesningar. Gruppe- og seminarundervisning med rettleiing av faglærarar.

Arbeidskrav

Deltaking i undervisninga i gruppeteori, i familie- og relasjonsarbeid, samt deltaking i all gruppe- og seminarundervisning er obligatorisk.

Sluttvurdering

Heimeeksamen, 1 veke. Bokstavkarakter.

Pensum

Aadland, E. (2001):Etikk for helse- og sosialarbeidarar. Oslo, Det Norske Samlaget. Del 3. (del 1 og 2 var pensum 1. studieår).(40 sider)

Aamodt, L.G. (2005): Familien mellom mange hjelpere. Bergen. Fagbokforlaget

(196 sider)

Daatland, S.O. og Solem P. E. (2000): Aldring og samfunn. En innføring i sosialgerontologi. Bergen,Fagbokforlaget. Kap. 1 t.o.m. 10. (133 sider)

Heap, K. (1994): Samtalen i eldreomsorgen. Oslo, Kommuneforlaget. Kap. 4,5 og 6. Del 3 er pensum i psykologi. (60 sider)

Heap, K. (1998) Gruppemetode for sosial- og helsearbeidere . Oslo, Universitetsforlaget. (282 sider)

Hårtveit H. og Jensen, P. (2004): Familien –pluss én. Oslo, Universitetsforlaget.Kap 1 t.o.m. 6, minus profiler om profiler og metalog(123 sider)

Shulmann, L.(2003): Kunsten å hjelpe individer og familier. Oslo, Gyldendal Norsk Forlag AS. Del 3, del 1 og 2 var pensum i 1. studieår.(60 sider)

Thynnes, P. (1999): Sosialt arbeid, lokal organisering til sjølvhjelp.

Oslo, Tano. Aschehoug (138 sider)

Med atterhald om endring.
24.04.2006