Study Programmes 06/07 / Courses / FACULTY OF SOCIAL SCIENCES / SOS5-201 Avvik, førebygging og globalisering  

SOS5-201 Avvik, førebygging og globalisering

Kode
SOS5-201

Namn
Avvik, førebygging og globalisering

Studiepoeng
10.00

Kategori
Obligatorisk del av andre året ved bachelorstudiet i sosialt arbeid. Emnet er også ope for andre interesserte.

Tid
Haust, frå 2007.

Mål for emnet

Studentane skal tileigne seg kunnskap om teoriar som forklarer korleis avvik/kriminalitet kan springe ut av samhandlingsprosessar og generelle samfunnsforhold. Studentane skal òg få kjennskap til perspektiv på førebygging, og få trening i å finne praktiske løysingar på ulike former for problemutvikling. Studentane skal få kjennskap til grunnleggjande trekk i delar av strafferetten. Vidare skal studentane få kunnskap om ulike sider ved globaliseringsdiskusjonane - med vekt på økonomi, politikk og kultur.

Forkunnskapar

Alle emne frå første studieåret må vere greidd.

Innhald / oppbygging

Studentane vil få innføring i generell sosiologisk teori om avvik og stigmatisering og ulike kriminologiske teoriar. Vidare vil det bli lagt vekt på teori om sosiale klasser i samanheng med økonomisk og kulturell dominans i samfunnet. Studentane vil også få kunnskap om grunnomgrep knytt til førebygging. Studentane vil få høve til øving i refleksjon kring praktiske døme også innan strafferettslege problemstillingar. Vidare vil det i undervisinga bli lagt vekt på korleis globaliseringa påverker produksjon, politisk styring og nasjonale identitetar.

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar og lærarstyrte seminar.

Arbeidskrav

Ingen.

Sluttvurdering

4 timar skuleeksamen. Bokstavkarakter.

Pensum

Broady, Donald, ”Sociologi och epistemologi.” Kap. 3 (130 s.). HLS forlag, Stockholm 1991. (Kan kjøpes som kompendium).

Goffman,Ervin, ”Stigma, om afvigernes sociale identitet.” Kap. 1 og 3 (78 s.)

Gyldendals samfunnsbibliotek, København 1975.

Hauge, Ragnar ”Kriminalitetens årsaker”, Kap. 4-10 (83 s.). Universitetsforlaget 1990.

Helland, H og Øya, T, ”Forebyggende ungdomsarbeid” kap. 1-5 (116 s.). Fagbokforlaget 2000.

Mead, G.H. “Lek, spill og den generaliserte andre.” (5 s.) i Østerberg,D ”Handling og samfunn”, Pax forlag.

Mearton, Robert ”Den selvoppfyllende spådom.” (20 s.). I Østerberg, D”Handling og samfunn”, Pax forlag.

Scholte, Jan Aart: “Globalisation, A critical introduction.” Kap. 1-7 (240 s.) Palgrave, 2005.

Pluss en tittel på engelsk som erstatter Vårt rollespill (Goffman).

Med atterhald om endring.
24.04.2006