Study Programmes 06/07 / Courses / FACULTY OF SOCIAL SCIENCES / SOS5-202 Praksis sosialt arbeid  

SOS5-202 Praksis sosialt arbeid

Kode
SOS5-202

Namn
Praksis sosialt arbeid

Studiepoeng
30.00

Kategori
Obligatorisk del av andre året ved bachelorstudiet i sosialt arbeid.

Tid
Vår, frå 2008.

Mål for emnet

Praksisopplæringa skal medvirke til at studentane auker si forståing for sammenhengen mellom forsking, teori og praktisk arbeid. Sentrale læringsmål er å få kunnskap om korleis det sosiale hjelpeapparatet fungerer og få erfaring med å jobbe med barn og unge på ein etisk forsvarleg måte. Praksisperioden er ei førebuing til framtidig yrkesrolle.

Forkunnskapar

Alle emne frå første studieåret og emna Arbeid med menneske i ulike livsfasar og Arbeid med barn og familier i barnvernet frå andre studieåret må vere greidd.

Innhald / oppbygging

Alle studentane skal få tilbod om individuell samtale med praksisansvarleg før utplassering for å drøfte studenten sitt lærebehov i relasjon til praksis (mot slutten av haustsemesteret). Praksisførebuing vert arrangert før praksis tek til. Gjennom praksisperioden skal studenten få erfaring med ferdigheiter i sosialt arbeid. Dei skal praktisere og videreutvikle kunnskap, fagleg innsikt og haldningar i direkte samhandling med brukarar under kunnig rettleiing (for eks. samtaleteknikk og skriftleg framstilling). Studenten skal få trening i å setje brukaren sine val i fokus og leggje til rette for vektlegging av brukaren sine ressursar, gjennom planlegging, tilrettelegging og gjennomføring av tiltak. Studenten skal øve opp evna til etisk refleksjon, og vise solidaritet overfor menneske som er i ein utsett situasjon. Studenten skal få trening i å arbeide med juridiske spørsmål. I praksistida følgjer studenten arbeidstida ved praksisplassen. Rettleiar på praksisstaden skal sette av 2 timer i veka til rettleiing av studenten. Studenten skal ha 7,5 timer lesetid per veke.

Studenten får tilskot til utgifter i samband med brukarretta praksis. Jfr. Felles reglement for dekking av bu- og reiseutgifter for studentar ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.

Undervisnings- og læringsformer

Førelesing, seminar, skriftleg og munnleg framlegging, individuelt studium og eige yrkesretta arbeid på praksisplass under rettleiing frå praksisfelt og kontaktlærar ved HSF.

Studieopphald i utlandet

Det kan vere aktuelt å ta ein del av praksisperioden i utlandet.

Arbeidskrav

19 veker klientpraksis, individuelle oppgåver (læreavtale, praksisoppgåve, praksisrapport), praksisførebuing, praksissamlingar.

Sluttvurdering

Godkjenning av klientpraksis med tilhøyrande oppgåver. Karakter: greidd/ikkje greidd.

Studenten blir vurdert på grunnlag av:

Krav til nærver på praksisplassen
Praksisperioden er obligatorisk og fråver vert berre godteke i samband med sjukdom. I praksisperioden er maksimumsgrensa for fråver 10 dagar. Fråver utover dette må avtalast med høgskulen og praksisplassen. Det må også avtalast når og på kva måte eit eventuelt fråver over 10 dagar skal takast att. Dersom praksisopplæringa er delt i 2 periodar, må den første perioden vere fullførtog godkjent før neste praksisperiode tek til.

Normer og reglar i arbeidslivet
Studenten skal vise respekt for normer og reglar i arbeidslivet og opptre i samsvar med desse.

Faglege ferdigheiter

  • Studenten skal kunne vise fleksibilitet i kommunikasjon og samhandling med ulike brukarar og samarbeidspartnarar
  • Studenten skal vise evne til å analysere problem og kunne iverksetje måtar å arbeide med desse på
  • Studenten skal meistre skriftleg arbeid knytt til praksisperioden, til dømes journalnotat, saksutgreiingar, rapportar, møtereferat. Det skriftlege arbeidet skal vise at studenten har klart å nytta relevant teori frå studiet
  • Studenten skal kunne arbeide med fokus på brukarane sine eigne val
  • Studenten skal kunne skilje mellom personlege, private og faglege verdiar, og utføre arbeidet på ein etisk forsvarleg måte.
Pensum

Killén, K. (1992): Faglig veiledning - et tverrfaglig perspektiv. Oslo

Universitetsforlaget. (138 s.)

Skau, G.M. (1996): Mellom makt og hjelp. Oslo. Tano. Kap. 1 - 10 (130 s.).

Skau, G.M.(1998): Gode fagfolk vokser... Oslo. Cappelen Akademisk Forlag. Kap 1,2 og 3. (85 s)

Kompendium med artikkelsamling: Ikkje fastsett.

Sjølvalt pensum - praksis 1000 sider.

Med atterhald om endring.
24.04.2006