Study Programmes 06/07 / Courses / FACULTY OF SOCIAL SCIENCES / SOS5-302 Bacheloroppgåve sosialt arbeid  

SOS5-302 Bacheloroppgåve sosialt arbeid

Kode
SOS5-302

Namn
Bacheloroppgåve sosialt arbeid

Studiepoeng
15.00

Kategori
Obligatorisk del av tredje året ved bachelorstudiet i sosialt arbeid.

Tid
Vår, frå 2009.

Mål for emnet

Studenten skal få øving i å arbeide sjølvstendig med eit større problemområde, og få eit meir analytisk forhold til teori og praksis.

Forkunnskapar

Alle emne frå første og andre studieåret, og det første emnet frå tredje studieåret må vere greidd.

Innhald / oppbygging

Studenten vel sjølv tema til oppgåva, men den skal vere knytt til profesjonsutøvinga. Problemstillinga skal godkjennast av rettleiar. Oppgåva skal vere på om lag 20 sider. Studenten skal utvikle ei presis problemstilling, jobbe medvite i forhold til metodiske krav, bruke relevant teori, og få til ei sjølvstendig og analytisk framstilling av problemområdet. Dessa kriteria ligg også til grunn for evalueringa av oppgåva.

Undervisnings- og læringsformer

Bacheloroppgåva er eit individuelt arbeid. Studenten har rett på inntil 5 timar rettleiing (den første i gruppe og dei neste som individuell rettleiing).Studenten har ansvar for å førebu seg til rettleiinga.

Sluttvurdering

Oppgåva blir vurdert av ein eksamenskommisjon og får bokstavkarakter.

Pensum

Studenten skal velje 400 s pensum i tilknyting til bacheloroppgåva. Det sjølvvalte pensumet skal godkjennast av rettleiar.