Sette studentane i stand til å analysere og handtere vanskelege og komplekse klientrelasjonar der både born og vaksne er involvert.
Alle emne første og andre året og emne ein og to tredje året. I tillegg skal bacheloroppgåva vere innlevert til sensur. Emnet bygger på det meste av den grunnleggande kompetanse ein forventer at sosialarbeidarar har og slik sett føreset ein at studenten har tileinga seg kunnskapane frå alle tidlegare emne som inngår i bachlorstudiet i sosialt arbeid.
Studentane skal fåei vidareføring i etikk med vekt på profesjonsetikk generelt og etiske problemstillingar for sosialarbeidarar spesielt. Studentane skal vidareutvikle sine kunnskapar og sin handlingskompetanse til å kunne møte menneske i utsett livssituasjon, og dei skal trene seg i stå i og arbeide med konfliktar. Dei skal få kunnskap om dei vanlegaste psykiske lidingane og om avhengigheitsproblematikk. Studentane skal få kunnskap om både rettslege og sosialfaglege problemstillingar ved bruk av tvang i barneverns- og sosialtenesta. Studentane skal få kjennskap til trygderettens oppbygging og til dei sentrale ytingane.
Førelesing, seminar-/gruppeundervisning. Deler av seminar-/gruppeundervisninga er ferdigheitstrening.
Obligatorisk deltaking i undervisninga.
Munnleg eksamen. Bokstavkarakter.
Banks, Sarah: Ethics and values in Social Work. Palgrave
Barth, T., Børtveit, T. og prescott, P.: Endringsfokusert rådgiving. Gyldendal Akademiske forlag.
Bunkholdt, , V.:Fosterhjemsarbeid: fra rekruttering til tilbakeføring. Universitetsforlaget.
Kjønstad, A.: Innføring i trygderett. Tano.
Kjønstad, A. og Syse, A.: Velferdsrett I. Gyldendal norske forlag.
Ohnstad, B.: juss for helse- og sosialarbeidere.
Skau, G.M.: ”Gode fagfolk vokser”. Personlig kompetanse som utfordring. Cappelen Akademiske forlag. Kap 4 -7 ( kap 1 – 3 var pensum i 2.studieår)
Snoek, j.e. og Engedal, K.: psykiatri. Akribe forlag.
Kompendium: (91sider):
Alm, B. (1993): Det tause språket. Oslo: J.W. Cappelen Forlag a.s. (73 sider)
Torgalsbøen, A.K. (2001): Helbredelsestrangen ved schizofreni. Kan den kureres?
Artikkel i Tidsskrift for Norsk psykologforening, nr. 7, 2001. (18 sider).
Cullberg, J. (2000): Psykologiske forsvarsholdninger og forsvarsmekanismer. I Cullberg, J: Dynamisk psykiatri (kap 7)
Cullberg, J. (2000): Den funksjonelle og dysfunksjonelle familie. I Cullberg, J.: Dynamisk psykiatri (kap 8)
Alt pensum er ikkje fastsett.
Med atterhald om endring.
24.04.2006
06.06.2006: Rydning og Bunkholdt & Sandbæk utgår.