Study Programmes 06/07 / Courses / FACULTY OF SOCIAL SCIENCES / VPL5-100 Innføring i vernepleiefaget  

VPL5-100 Innføring i vernepleiefaget

Kode
VPL5-100

Namn
Innføring i vernepleiefaget

Studiepoeng
10.00

Kategori
Obligatorisk del av første året ved bachelorstudiet i vernepleie.

Tid
Haust.

Mål for emnet

Studentane skal tileigne seg kunnskap om vernepleie og utøving av yrket i eit historisk perspektiv. Emnet gir innføring i sentrale ideologiar og menneskesyn, og vektlegg systematisk arbeid innan miljøarbeid for at brukarar av tenester skal nå sine mål. Studentane skal vidare utvikle og bevisstgjere handlingskompetanse i arbeidet med tenestemottakarar, og får ei innføring i kommunikasjon og samhandling. Studentane skal bli kjend med dei mest sentrale perspektiva innan psykologisk tenking.

Innhald / oppbygging

Sentrale tema i undervisninga er innføring i miljøarbeid, med vekt på historikk, sentrale omgrep, teoriar og metodar. Studentane skal få kjennskap til ulike arenaer der vi møter funksjonshemma, og korleis haldningar og ferdigheiter vert påverka. Psykologiundervisninga vil ha fokus på vitskapen om åtferd og mentale prosessar, motivasjon og sosialpsykologi. Studentane skal også utvikle ferdigheiter i kommunikasjon og samhandling.

Undervisnings- og læringsformer

Seminar og førelesingar, gruppearbeid prosjektarbeid, intervju med vernepleiar, respons- og opponentgrupper, rollespel, trening i munnleg og skriftleg framstilling og individuelt studium.

Arbeidskrav
  • Deltaking i undervisninga i Miljøarbeid.
  • Deltaking i undervisninga i Kommunikasjon og samhandling.
  • Gjennomføre eit kvalitativt intervju med ein vernepleiar og leggje fram rapport.
Sluttvurdering

Gruppeframlegging av skriftleg arbeid. Karakter: greidd/ikkje greidd.

Pensum

Miljøarbeid og vernepleiarfaget si historie

Horndalen, B. og Torp, T.R. (2006) Vernepleier - utdanning og yrke i et faglig og etisk perspektiv Høgskolen i Akershus Forskningsserie 12/2006
Skau,G. M.1998 Gode fagfolk vokser … personlig kompetanse som utfordring. Cappelen Akademiske forlag s.17-106 (83 s.)
Gjærum,B. 1993 Den kognitive funksjonen ved psykisk utviklingshemming I:Gjærum,B.(red)Kunnskap og ettertanke. Universitetsforlaget.(20 s.)
FO (2000) Om vernepleieryrket (utdelt på skulen)
FO (2002) Yrkesetisk grunnlagsdokument for barnevernpedagoger, sosionomer og vernepleiere (utdelt på skulen).

Sentrale ideologiar og menneskesyn
Askheim,O. P. 2003 Fra normalisering til empowerment. Gyldendal. S.11-70 (59 s.)

Kommunikasjon og samhandling
Dahl, Øyvind (2001): Møter mellom mennesker: interkulturell kommunikasjon. Oslo, Gyldendal akademisk. s. 15-34, s. 55-80 og s. 111-205. (138 s.).
I kompendium:
Eide, Hilde mfl (1996): Kommunikasjon i relasjoner: samhandling, konfliktløsning, etikk. Oslo, Gyldendal akademisk. Kap. 5. (40 sider).
Skau, Greta Marie (1996): Mellom makt og hjelp: en samfunnsvitenskapelig tilnærming til forholdet mellom klient og hjelper. Oslo, TANO Aschehoug. Kap. 4. (15 s.).

Psykologi

Bjerke, T. og Svebak, S. (2001) Psykologi for høgskolen. Oslo, Gyldendal Norsk Forlag
Kapittel 1, 3, 6 og 7 (ca 115 sider)