Studenten skal få grunnleggjande kunnskap om og forståing for menneskekroppen sin oppbyggjing, utvikling og funksjon. Studenten skal kunne gjere greie for årsaker og gjenkjenne symptom på dei vanlegaste sjukdomane i ulike organsystem i kroppen. Dei skal ha grunnleggjande kunnskapar innan farmakologi.
I emnet skal studenten få eit overblikk over tenkjesett og metodar i miljøarbeid, samt ha ein kort innføringspraksisperiode som skal gi innblikk i arbeidsområde til vernepleiarar. Studenten skal få kjennskap til andre profesjonsutdanningar som er relevante samarbeidspartnarar. Studentane får også innføring i etisk teori og kjennskap til yrkesetiske retningsliner.
Studentane skal gjere seg kjende med brukarar av tenester der vernpleiarar arbeider. Studentane skal bli kjende med arbeidsoppgåver som blir utført av vernpleiarar og oppgåvedeling mellom yrkesgrupper. Studentane skal få kunnskap om dei ulike forvaltningsnivåa og kva funksjonar desse har. Dei skal vidare få sosialpolitisk kunnskap. Studentane skal få trening i både munnleg og skriftleg framlegging, og trening i å dokumentere eige arbeid.
Emna i studiet byggjer i stor grad på kvarandre og ein føreset kunnskapar frå tidlegare emne.
- Innføring i miljøarbeid.
- Helsefaglege emne (anatomi/fysiologi, sjukdomslære, nevrologi, farmakologi, motorisk utvikling og førstehjelp.
- Etikk.
- Innføringspraksis.
I samband med 3 veker innføringspraksis har Høgskulen ansvar for å inngå avtaler med dei kontora/institusjonane som studentane tek utgangspunkt i. Studentane skriv ei oppgåve der kunnskap frå mellom anna miljøarbeid og andre fagområde kan nyttast. Arbeidet er eit gruppearbeid. Det blir arrangert seminar der studentane legg fram arbeida sine, og formidler kunnskap og erfaring frå sine prosjekt. Framlegginga er obligatorisk. Kvar gruppe har rett på inntil 3 timar rettleiing. Høgskulen oppnemner opponentgrupper, der gruppene gir kvarandre evaluering. Studenten betaler sjølv eventuell reise i samband med innføringspraksis.
Seminar og førelesingar, gruppearbeid prosjektarbeid, intervju med vernepleiar, respons- og opponentgrupper, rollespel, trening i munnleg og skriftleg framstilling og individuelt studium.
Deltaking i undervisning, innføringspraksis 3 veker, intervju, rapport i gruppe, framlegging og respons.
Skriftleg test i farmakologi.
4 timar skuleeksamen. Bokstavkarakter.
MILJØARBEID, HABILITERING OG REHABILITERING
Innføring i miljøarbeid
Linde S og Norlund I (2006) Innføring i profesjonelt miljøarbeid : systematikk, kvalitet og dokumentasjon Universitetsforlaget, Oslo s. 15 – 93 (78 sider)
Christensen, K og Nilssen,E (2006) Omsorg for de annerledes svake. Gyldendal akademiske, Oslo side 13 – 220 (203 sider)
Horndalen, B. og Torp, T.R. (2006) Vernepleier - utdanning og yrke i et faglig og etisk perspektiv Høgskolen i Akershus Forskningsserie 12/2006 (160 sider)
FO (2000) Om vernepleieryrket (utdelt på skulen)
FO (2002) Yrkesetisk grunnlagsdokument for barnevernpedagoger, sosionomer og vernepleiere (utdelt på skulen).
I kompendium :
Halvorsen, Terje (2001): Miljøarbeid: teori og praksis. Fagbokforlaget Bergen Kap 5-6 (26s).
Etikk
Aadland, Einar (1998): Etikk for helse- og sosialarbeidarar. Samlaget, Oslo Del 1 og del 2. (200 s.).
HELSEFAG
Anatomi, fysiologi, sjukdomslære
Bjålie,J.,G.,Haug,E.,Sand,G.,Sjaastad,Ø.V. (2006) Menneskekroppen. Universitetsforlaget, Oslo. Kap 2-10 og 12-16. (sidetal vert spesifisert ved oppstart av undervisinga)
Dahl,R og Nakken, K.O. (2004) Utviklingshemming og epilepsi..Oslo .Norsk Eilepsiforbund s 15-49( 25 s.)
Gjærum, B. og Ellertsen, B.2002 Hjerne og atferd. Gyldendal Akademiske, Oslo Kap.10 304-319 (vert utdelt på skulen) (15 sider)
Jacobsen mfl. (2001) . Sykdomslære-indremedisin, kirurgi og anestesi.Gyldendal Akademiske, Oslo. Kap. 1-8, 10, 11. (sidetal vert spesifisert ved oppstart av undervisinga)
Monsen,A-L.B 1999 Pediatri: vekst, utvikling og sykdommer hos barn Universitetsforlaget, Oslo Kap.1,4,6,7,12,13,17 (108 sider)
Olsen m.fl.(2000) Neurologi og neurokirurgi. Nyt Nordisk forlag. s.47-147, 161-166, 177-179 (107 sider)
Seljelid, R. 1997. Generell patologi. Fagbokforlaget. kap. 5 og 6 (utdelt på skulen)
Motorikk
Sigmundsson Hermundur, Pedersen Arve Forland (2000) Motorisk utvikling - Nyere perspektiv på barns motorikk. Sebu Forlag, Oslo (90 sider)
Farmakologi
Notevarp,J.O., Holm,D. (2001) Administrering av legemidler. Fagbokforlaget, Bergen. Kap 1,2,3,4,9,10. (100 sider)
Olsen, I.(2001) Farmakologi for sykepleiere og vernepleiere. Universitetsforlaget, Oslo s.15-50, 60-67, 95-97, 99-107, 109-119, 123-126, 130-150, 156-168, s.178, 188-189, 193-213, 218-244, 248-254, 268 -282, (173s.)
Tørisen, H. (red) AS Felleskatalogen. Oslo (kompendieutsalet)
Med atterhald om endringar
Studieleiar
06.12.2006