Study Programmes 06/07 / Courses / FACULTY OF SOCIAL SCIENCES / VPL5-203 Praksis - Miljøarbeid  

VPL5-203 Praksis - Miljøarbeid

Kode
VPL5-203

Namn
Praksis - Miljøarbeid

Studiepoeng
15.00

Kategori
Obligatorisk del av andre året ved bachelorstudiet i vernepleie.

Tid
Vår, frå 2008.

Mål for emnet

Måla for praksisopplæringa er å få erfaring og trening i miljøarbeid, observasjon og analyse av åtferd hjå brukarar av helse- og sosialtenester. Studentane skal øve seg i å setje brukarane sine eigne val i fokus og få erfaring med brukarstyring. Det er eit sentralt mål å skilje mellom personlege, faglege og samfunnsmessige verdiar, og øve opp evne til å avsløre verdikonfliktar og etiske dilemma i praktisk helse- og sosialarbeid på individ-, gruppe- og samfunnsnivå. I praksisopplæringa skal studentane nytte etisk refleksjon og utvikle etisk handlingsreiskap. Vidare får studentane kunnskap om korleis det hjelpeapparatet innan helse- og sosialtenestene fungerer når det gjeld organisering, arbeidsoppgåver/forvaltningsnivå, brukarrelasjonar, samarbeidspartnarar og samarbeid med andre yrkesgrupper. Studentane skal øve seg i skriftleg framstilling og å arbeide med juridiske spørsmål innan vernepleiaren sitt arbeidsområde.

Forkunnskapar

Alle tidlegare emne i studiet skal vere greidd.

Innhald / oppbygging

11 veker praksisopplæring innan miljøarbeid/opplæring med personar med psykisk utviklingshemming gir erfaring og ferdigheiter innan vernepleiaren sine arbeidsområde; ansvar og oppgåver.

I praksisopplæringa skal studenten vidare:

·praktisere og vidareutvikle kunnskap, dugleik og haldningar i direkte samhandling med brukarar og under kunnig rettleiing

·tileigne seg kunnskap og fagleg innsikt som ikkje er nedfelt i litteraturen, i samarbeid med erfarne yrkesutøvarar

·få erfaring med og tileigne seg kunnskap om planlegging, tilrettelegging og gjennomføring av miljøarbeid

·øve opp evne til å avsløre verdikonfliktar og etiske dilemma

·øve opp evne til etisk refleksjon og utvikle etisk handlingsreiskap

·reflektere over,vurdere og diskutere etikk og fagutøving

·trene seg i å kritisk vurdere forhold til eiga problem-/situasjonsforståing

·tileigne seg kunnskap om livsvilkår og vise solidaritet overfor menneske som eri ein utsett posisjon og kunne fremje deira interesser og rettar

·finne fram til og leggje vekt på brukaren sine eigne ressursar

·samle erfaring som kan bli drøfta på høgskulen og bli nytta som grunnlag for vidare læring.

Studenten får tilskot til utgifter i samband med brukarretta praksis. Jfr. Felles reglement for dekking av bu- og reiseutgifter for studentar ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.

Undervisnings- og læringsformer

Praksisopplæring med rettleiing. Skriftlege oppgåver.

Praksis

11 veker brukarretta praksis og individuelle oppgåver (læreavtale, etisk dilemma, tiltaksplan).

Arbeidskrav

Tiltaksplan: Rettleiing i plenum før praksis tek til. Ein skriftleg tilbakemelding før endeleg innlevering.

Sluttvurdering

Godkjenning av praksisopplæringa inkl. tilhøyrande oppgåver (greidd/ikkje greidd).

Vurderingskriterier:

Læremål: kunnskapsmål, ferdigheitsmål og haldningsmål:

Profesjonelle ferdigheiter (presentasjon, samarbeid og individuelle ferdigheiter)

  • Pleie i heimen til brukar
  • Støtte og rettleie i heimen til brukar
  • Kontakt med pårørande / hjelpeverge
  • Støtte/rettleie bruker i fritidsaktivitetar
  • Generelle ferdigheiter innan omsorgsyting
  • Relasjonelle-/ kommunikasjonsferdigheiter
  • Rettleiing
  • Studenten skal meistre skriftleg arbeid knytt til praksisperioden, til dømes journalnotat, saksutgreiingar, rapportar, møtereferat. Det skriftlege arbeidet skal vise at studenten har klart å nytta relevant teori frå studiet.

Krav til nærvær på praksisplassen

Praksisperioden er obligatorisk og fråver vert berre godteke i samband med sjukdom og/eller permisjonar innvilga av Høgskulen eller praksisrettleiar

I praksisperioden er maksimumsgrensa for fråver 7 dagar. Fråver ut over dette må avtalast med Høgskulen og praksisplassen. Det må også avtalast når og på kva måte eit eventuelt fråver over 7 dagar skal takast att.

Vanlege normer i arbeidslivet

Studenten må rette seg etter vanlege normer og reglar som gjeld i arbeidslivet.

Pensum

P.t. er ikkje alt pensum fastset.

Eikeseth Svein og Svartdal Frode ( 2003) Anvendt atferdsanalyse i teori og praksis. Oslo Gyldendal akademisk. Kap 13 (400 s) (noko overførast frå emne 7 ?)

Sjølvvalt pensum på 300 sider knytta til praksis (skal godkjennast av Høgskulen).

24.04.2006