Study Programmes 06/07 / Courses / FACULTY OF SOCIAL SCIENCES / VPL5-300 Samarbeid, kvalitetssikring og feltarbeid  

VPL5-300 Samarbeid, kvalitetssikring og feltarbeid

Kode
VPL5-300

Namn
Samarbeid, kvalitetssikring og feltarbeid

Studiepoeng
15.00

Kategori
Obligatorisk del av tredje året ved bachelorstudiet i vernepleie.

Tid
Haust, frå 2008.

Mål for emnet

Studentane skal ha kunnskap om kva som kjenneteikner kvalitet i yrkesutøving og tenester, og ha kunnskap og erfaring med tverrfagleg samarbeid, og dei skal ha grunnleggjande kunnskapar om organisasjonar. Vidare skal studentane ha forståing for sosiale problem og levekår, med spesiell vekt på funksjonshemma sin situasjon. Studentane skal også ha kunnskap om kvalitativ forskingsmetode/feltarbeid.

Forkunnskapar

Alle emne første og andre studieåret skal vere greidd.

Innhald / oppbygging

Innhaldet i emnet er tema som kvalitetssikring og kvalitetsutvikling og tverrfagleg samarbeid.

Det vert gitt innføring i organisasjonsteori. Studentane skal også få kunnskap om tenkning kring sosiale problem og om fordeling av levekår i Norge, spesielt med vekt på funksjonshemma sin situasjon. Emnet inneheld feltarbeid som forskingsmetode.

Undervisnings- og læringsformer

Seminar og førelesingar, gruppearbeid prosjektarbeid, trening i munnleg og skriftleg framstilling og individuelt studium.

Arbeidskrav

Obligatorisk frammøte i undervisning.

Sluttvurdering

Skuleeksamen 4 timar. Bokstavkarakter.

Pensum

Kvalitetsarbeid og kvalitetsutvikling
Askeland,G.A. og Molven,O.(1998) Dokument i klientarbeid Universitetsforlaget.
(189 sider)

Askheim, Ole Petter, Andersen, Torhild, Eriksen John (red.).Sosiale tjenester for familier som har barn med funksjonsnedsettelser (2004) Gyldendal akademiske forlag, Oslo (100 sider)

Levekår (boka må bytast ut med levekår for utviklingshemma)
Halvorsen. K.: Sosiale problemer: En sosiologisk innføring. Fagbokforlaget, Bergen 2002. Heile boka, unnateke kap. 3, 5 og 8.

Innføring i organisasjonsteori/organisasjonskunnskap
Djupvik, Alf Roger og Magne Eikås (2002): Organisert velferd. Oslo, Det Norske Samlaget. (210 sider.).

Sosialantropologi/kulturmøte
Woon,L.L.(red) (1992): Fellesskap til besvær? Om nyere innvandring til Norge. Pensumtjenesten, Universitetsforlaget,Oslo. (100 s.).
Alt pensum er ikkje fastsett.

Med atterhald om endring.
24.04.2006