Studenten har eit sjølvstendig ansvar for å definere kva område praksisopplæringa skal vera innan. Praksisansvarleg på høgskulen vil rettleie og hjelpe til med å skaffa praksisplass. Høgskulen skal godkjenna praksisopplæringa.
Mål og læreområde for praksisopplæringa er som for praksisopplæringa andre studieåret, men innber ei fordjuping innan arbeidsoppgåver og/eller innan arbeidsfelt. Studenten har høve til å knyta praksisopplæringa til bacheloroppgåva.
Alle tidlegare emne i studiet skal vere greidd.
Praksisopplæring skal vera brukarrelatert og er på 10 veker i eit valfritt fagområde innan vernepleiaren sitt arbeidsfelt. Praksisopplæringa skal vektleggja evalueringsarbeid. Praksisopplæringa kan ha same form som andre studieåret. Studentar kan også enkeltvis eller i grupper (maksimum 3) ta på seg oppdrag etter avtale med praksisplass (kommune, institusjon m.v.).
Studenten får tilskot til utgifter i samband praksisperioden. Jfr. Felles reglement for dekking av bu- og reiseutgifter for studentar ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.
Praksisopplæring med rettleiing. Utarbeiding og oppfølging av læreavtale. Utarbeiding av og framlegging av rapport.
10 veker brukarretta praksis, individuelle oppgåver (læreavtale, rapport).
Godkjenning av praksis inkl. skriftleg rapport og munnleg framlegging for klassen. Karakter: greidd/ikkje greidd.
VURDERINGSKRITERIAR
Læringsmål (kunnskapsmål, ferdigheitsmål og haldningsmål)
- studenten skal kunne vise fleksibilitet i kommunikasjon og samhandling med ulike brukarar og samarbeidspartnarar
- studenten skal vise evne til å analysere problem og kunne iverksetje måtar å arbeide med desse på
- skriftleg arbeid skal vise at studenten har klart å nytte relevant teori frå studiet
- rapport frå evalueringsarbeid
- munnleg presentasjon av rapporten i klassen.
Krav til nærvær på praksisplassen
Praksisperioden er obligatorisk og fråver vert berre godteke i samband med sjukdom og/eller permisjonar innvilga av Høgskulen eller praksisrettleiar
I praksisperioden er maksimumsgrensa for fråver 7 dagar. Fråver ut over dette må avtalast med Høgskulen og praksisplassen. Det må også avtalast når og på kva måte eit eventuelt fråver over 7 dagar skal takast att.
Vanlege normer i arbeidslivet
Studenten må rette seg etter vannlege normar og reglar som gjeld i arbeidslivet.
Litteratur som vektlegg evalueringsarbeid på individ- og systemplan er p.t. ikkje fastset.
Sjølvvalt pensum på 300 sider som skal godkjennast av Høgskulen.
24.04.2006