Studenten skal få øving i å arbeide sjølvstendig med eit større problemområde, og få eit meir analytisk forhold til teori og praksis.
Alle emne frå første og andre studieåret, og første emnet tredje studieåret skal vere greidd.
Studenten vel sjølv tema til oppgåva, men den skal vere knytt til profesjonsutøvinga. Problemstillinga skal godkjennast av rettleiiar. Oppgåva skal vere på om lag 20 sider. Studenten skal utvikle ei presis problemstilling, jobbe medvite i forhold til metodiske krav, bruke relevant teori, og få til ei sjølvstendig og analytisk framstilling av problemområdet. Desse kriterium ligg også til grunn for evaluering av oppgåva.
Bacheloroppgåva er eit individuelt arbeid. Studenten har rett på inntil 5 timar rettleiing (den første i gruppe og dei neste som individuell rettleiing). Studenten har ansvar for å førebu seg til rettleiinga. Rettleiingsgrunnlaget skal leverast til rettleiar 2 arbeidsdagar før sjølve rettleiinga.
Oppgåva blir vurdert av ein eksamenskommisjon og får bokstavkarakter.
Studenten skal velge 400 s pensum i tilknytning til bacheloroppgåva. Det sjølvvalte pensumet skal godkjennast av rettleiiar.