Study Programmes 06/07 / Courses / FACULTY OF SOCIAL SCIENCES / SA537 Barndommens og ungdommens historie  

SA537 Barndommens og ungdommens historie

Kode
SA537

Namn
Barndommens og ungdommens historie

Studiepoeng
15.00

Kategori
Frivillig bacheloremne i historie og ungdomssosiologi. Opent for andre interesserte.

Tid
Vår.

Mål for emnet

Målet er todelt. Emnet skal delvis gi studenten innsikt i korleis oppfatningar om barndom og ungdom har endra seg over tid, og delvis utvikle ei kritisk forståing av synet på endringane som eit resultat av skiftande ”sosiale konstruksjonar”.

Forkunnskapar

Ingen.

Innhald / oppbygging

Kurset er lagt opp med utgangspunkt i Philippe Aries si bok Barndommens historie. Del 1 handlar om boka sitt innhald og diskusjonen av den med særleg vekt på omgrepet om sosial konstruksjon. Del 2 fokuserer på førestellingar om barn og ungdom frå tre forskjellige epokar: antikk/romersk tid, europeisk mellomalder og den moderne perioden.

Undervisnings- og læringsformer

Undervisninga består av førelesingar, oppgåveseminar og tilbod om individuell rettleiing.

Studenten skriv ei oppgåve på om lag 3000 ord. Kvar student har rett på ein time individuell rettleiing.

Arbeidskrav

Ingen.

Sluttvurdering

SA537 001 Individuell skriftleg oppgåve, vekting 67%.
SA537 002 Fleirvalstest, vekting 33%.
Dersom ein stryk i ein av delane og går opp til ny eksamen meir enn eitt år etter avlagt eksamen, må ein ta opp att heile eksamen.

Pensum

Pensumet består av bøkene (to av dei i utdrag), artiklane (enkelte i utdrag) og bokutdraga under. Pensumet til forelesinga 29.3 blir kunngjort ved undervisningsstart. Ein mindre artikkel (på inntil 12 sider) kjem kanskje i tillegg til litteraturen som er oppført til forelesinga 26.4. Til saman er pensumet på omlag 1000 sider. Atterhald om mindre justeringar.

Kompendiumlitteraturen blir fordelt på to kompendium og organisert i tråd med undervisningsplanen. Bøkene og Kompendium I kan kjøpast frå og med månadsskiftet februar/mars. Kompendium II blir truleg ferdig noko seinare. Kompendia kan kjøpast frå Kompendieutsalet i stadionbygget.

Bøker:

Ariès, Philippe (2003)/(1960): Barndommens historie. Pensumtjeneste.

Mitterauer, Michael (1988)/(1986): Ungdomstidens sociala historia. Röda bokförlaget.

(utdrag)

Strange, W.A. (1996): Children in the Early Church. Children in the Ancient World,

the New Testament and the Early Church. (utdrag)

Kompendiumlitteratur (i alfabetisk rekkefølgje):

Bagge, S. (2005): Mennesket i middelalderens Norge. Tanker, tro og holdninger 1000-1300. Aschehoug, s. 13-17.

Becker, L.C. (1998): “Stoic Children”. I Susan M. Turner og Gareth B. Matthews (eds.), The Philosophers Child. Critical Essays in the Western Tradition. University of Rochester Press, s. 45 - 57. [I norsk omsetjing]

Burr, R. og Montgomery, H. (2002): “Childeren and rights.” I Rachel Burr og Heather

Christensen, Pia (2000): “Childhood and the Construction of the Vulnerable Body“

Cunningham, H. (1996)/(1995): Barn og barndom. Fra middelalder til moderne tid. Ad Notam, Gyldendal, s. 67-97 og 155-201.

Hacking, I. (2004)/(1999) ”Varför fråga vad?” I Social konstruktion av vad?. Thales,

Harris, W.V. (1994) “Child-Exposure in the Roman Empire”. The Journal of Roman

Studies, Vol. 84, s. 1-22.

J.A.C.T., (2002)/(1984): “Human obligations, values and concerns”. I J:A:C:T: The World of Athens. An introduction to classical Athenian Culture. Cambridge University Press, s. 132-153.

James, A., Jenks, C., Prout, A. (1999): Den teoretiske barndom. Gyldendal (dansk), s. 35-43.

Kleijwegt, M. (1991): Ancient Youth. The ambiuguity of youth and the absences of

adolescence in Greco-Roman society. J.C. Gieben, s. 1-3 og 51-135.

Kloep, M. og Hendry, B. (2003): Utviklingspsykologi i praksis. Abstrakt forlag, s. 27-

Lindén, Hilde (2004): “Barns rettigheter – en realiserbar intensjon?” Tidsskrift for

Velferdsforskning, Årg. 7, Nr 4.m 196-212.

Mæle, Ingvar Brandvik (2002): ”Den antikke by”. I J. Christian Meyer med T. Bekker

imperium. Cappelen akademisk forlag, s. 202-241.

Postman, N. (1984)/(1982): Den tapte barndommen. Gyldendal, s. 83-164.

Price, Simon (1997): ”The Roman Mind”. I Peter Jones & Keith Sidwell, The World of Rome. An Introduction to Roman Culture. Cambridge University Press. s. 235-262.

Ravnå, P.-B. (2006): Gresk og romers politisk historie. Cappelen, s. 31-51.

Rogers, W.S. (2002): “What is a child” (utdrag). I Rachel Burr og Heather Montgomery, Understanding Childhood - an interdisciplinary account. Open University Press, s. 19-29 (utdrag).

Simon, J. (1998): ”Jean-Jacques Rousseau’s Children”. I Susan M. Turner og Gareth

Tradition. University of Rochester Press, s. 105 – 117.

Woodhead, M. et.al (2003): ”Adversities and resilience” (utdrag). I Rachel Burr og

Øhra, M. (1997): ”Barndom i bystaten Athen”. I Øhra, Den kulturelle konstruksjon av

barndommen. UiO.