ID3-310 ALPIN SKIFERDSEL

Kode
ID3-310

Namn
ALPIN SKIFERDSEL

Studiepoeng
15.00

Kategori
Val emne 3. år bachelor friluftsliv og bachelor idrett, fysisk aktivitet og helse.

Tid
Vår

Mål for emnet
  • Utvikle trygt kjøremønster på ski i bratt lende
  • Kunne gjennomføre redningsmetodar for skiferdsel i bratt lende
  • Gjennomføre komplekse søkesenarier ved bruk av S/m utstyr
  • Kunne gi opplæring i bruk av s/m utstyr på grunnleggjande nivå
  • Kunne lede ein kameratrednings aksjon
  • Meistre vegval i skredfarlig terreng
  • Kjenne til ulike reduksjonsmetodar innan skredvurdering
  • Kunne gjere seg nytte av skredvarsling
  • Kunne bruke vurderingsmønster som grunnlag for planlegging og gjennomføring av turer i upreparert terreng
Forkunnskapar
  • Fullført 1. år bachelor idrett eller tilsvarande
  • Fullført og bestått NF-skredkurs
  • Egenferdigheitsprøve innan alpin og/eller telemark
Innhald / oppbygging

Gjennom modulen skal studenten:
-Utvikle kunnskap om alpin skiferdsel i bratt lende
-Arbeide med djup søk og fleire skredtatte med sender/mottakar
-Få kunnskap om skredvarsling og bakgrunn for skredvarsling
-Gjennomgang av ulike reduksjonsmetodar innan skred
-Gruppeprosessar i forbinding med skiferdsel i bratt lende
-Redning
-Vurderingsmønster (turplan)

Redningsprosedyrar snødekt bre

Undervisnings- og læringsformer

Forelesing og praktisk undervisning. Elles vil stort sett alt lærestoff bli integrert og erfart i praktisk undervisning. Deltaking forutset at studenten er forberedt med omsyn til pensum.

Praksis

All praktisk og teoretisk undervisning er obligatorisk.

Ekskursjonar

Ekskursjonar:
-Heggmyranel (1 dag): Skiteknikk , s/m, teoriprøve
-Sogndalsdalen (2 enkelt dagar): Vegval på tur opp og ned
-Hemsedal (ca.50 timar på 5 dagar): Skredvurdering, vegval, redning, avansert søk med s/m, ulike vurderingsmønster m.m.

I samband med dette emnet må studentene vere budd på å betala ein eigenandel.Mellom kr.2500,- og 3000,-. Reise, heiskort og opphald kjem i tillegg.

Arbeidskrav

Gjennomføring av all obligatorisk undervisning og innlevering av ei individuell oppgåve.

Sluttvurdering

ID3-310 Munnleg individuell eksamen på 30 min. I tillegg vil studenten bli vurdert på grunnlag av sine prestasjonar i forhold til mål for emnet og individuell oppgåve. Det vil bli gitt midtvegs evaluering av den enkelte student.

Pensum

Tremper, B. 2001. Staying alive in avalanche tarrain.The mountaineers books. ISBN 0-89886-834-3.

Landrø, M. (2006). Skredfare. Featureforlaget AS.

Kompendium: Alpin skiferdsel.

Endringar i pensum kan skje fram til 15. februar