Vidareutdanning start september 2006, og blir avslutta vinteren 2007 – 2008. Studiet lyst ut med studiesamlingar i Rogaland (Haugesund/Stavanger), Hordaland (Bergen), Sogn og Fjordane (Førde/Sogndal) og Møre og Romsdal (Ålesund).
Studiet er basert på samlingar som går over tre dagar kvar. I alt vert det gjennomført 6 samlingar i løpet av studiet. Mellom samlingane skal studentane arbeide på eiga hand og i grupper. I tillegg vil kontakten mellom student og lærar og studentane imellom finne stad via eit ikt-basert læreprogram (ClassFronter).
Omtalar av dei enkelte kursdelane
SAMLING 1 Oppstart og innføring
Formål, forventningar, arbeidsmåtar og opplegg
Mål: Målet med denne delen er å førebu studentane på den prosessen som eit slikt studium er, ved at dei saman med kursleiar formulerer sine forventningar og planlegg for korleis ein skal nå måla for kurset og oppfylle forventningane.
Innhald og organisering: Samlinga vert innleia med at kursansvarleg formulerer eit formål med studiet, og at studentane formulerer sine forventningar til studiet individuelt og i fellesskap. Studentane går deretter gjennom status for seg og sin organisasjon med omsyn til reforma. Vidare blir det gjeve eit oversyn over innhaldet i studiet og arbeidsmåtar i det vidare arbeidet. Det blir til slutt gjeve ei enkel innføring i studieteknikk og i bruken av det elektroniske læringsverktøyet (Classfronter).
Pensum: Utdelt materiell
Perspektiv og nøkkelomgrep i organisasjonsteorien
Mål: Målet med denne delen er å gje ei innføring i kva organisasjonsteori er og
få definert og drøfta sentrale omgrep i organisasjonsteorien.
Pensum: Hatch, Mary Jo: Organisasjonsteori. Moderne, symbolske og postmoderne perspektiver. Abstrakt Forlag, Oslo 2001.
Velferdsstaten opphav og utvikling
Mål: Studentane skal etter denne delen forstå kva som ligg i omgrepet velferdsstat, kva som vert definert som velferd og korleis utviklinga og diskusjonen om velferdsstaten har vore i ulike tidsepokar.
Pensum: Lise Kjølsrød: ” En tjenesteintensiv velferdsstat” Kap 7. s. 184- 209 i boka Det norske samfunn av Ivar Frønes og Lise Kjølsrød (red) 5. utgåve Gyldendal Akademisk2005.
Skriving av faglege arbeid /prosjekt og arbeidskrav
Mål: Målet med denne delen er å gjere studentane budde til å kunne skrive arbeidskrav og andre faglege arbeid.
Innhald og organisering: Studentane for ei innføring i prosessen fram til det å skrive fagleg om organisasjon og leiing . Studentane får ei innføring i samfunnsvitskapleg metode og metodeval. Etiske problemstillingar knyt arbeidet med skriving av arbeidskrav og prosjekt blir og teke opp.Til slutt blir det gjeve ei oversikt over formalkrava som er ved denne type arbeid. Delen blir gjennomført med førelesing, gruppearbeid og presentasjon av eksempel.
Pensum: Utdelt materiell
Definering av første arbeidskrav
Gjennom gruppearbeid, rettleiing og plenumsdiskusjonar skal studentane kome fram til ei aktuell problemstilling frå eigen organisasjon. Arbeidskravet skal ein lever inn før samling 2.
SAMLING 2: Organisasjonsteori, arbeidspsykologi og velferdsorganisering
Organisasjonsteorien og arbeidspsykologi
Mål: Etter å ha fullført denne delen skal deltakarane kunne gjere greie for og drøfte sentrale problemstillingar, omgrep og teoriar innan organisasjonsteori og arbeidslivspsykologi. Dette inneber evne til analyse av organisasjonars forhold til omverda, så vel som av interne forhold knytt til grupper og enkeltindivid. Det er eit poeng at slike organisasjonsanalysar skal munne ut i forslag om endringar på ulike nivå i og mellom organisasjonar.
Innhald og organisering:
Først arbeider ein med teoriar og case som gjeld ulike perspektiv (innfallsvinklar) til å forstå organisasjonar, og nøkkelomgrep som omgivnader, strategiar og mål, struktur, kultur og teknologi. Deretter ligg vekta på dynamiske problemstillingar som avgjerder, makt, konflikt, endring og læring i organisasjonar. Den siste delen tek opp emne tek opp sentrale organisasjonspsykologiske tema som motivasjon, kommunikasjon og gruppeprosessar.
Pensum (førebels):
Hatch, Mary Jo: Organisasjonsteori. Moderne, symbolske og postmoderne perspektiver. Abstrakt Forlag, Oslo 2001.
Bjørvik, Kjell Inge og Willy Haukedal: Arbeids- og lederpsykologi. Cappelen Akademisk Forlag, Oslo 2001 (utvalde delar).
Wig, Bjarne Berg: Det uslåelige arbeidslaget. Kvalitetsutvikling med selvstyrte team. Tiden Norsk Forlag, Oslo 1999 (utvalde delar).
Organisert velferd - fortid - nåtid og framtid
Mål: Etter denne delen skal studentane kunne gjere greie for den utviklinga som har vore i innhald og organisering av ulike velferdstenester dei seinare åra.
Innhald og organisering: For å forstå diskusjonen om dei organisatoriske endringane i velferdsforvaltninga (og andre reformer i velferdsstaten) vert det i denne bolken gjort koplingar mellom statsvitskap, organisasjonsteori og økonomi. Eit sentralt tema vil her vere å forstå kva for faktorar som i sterkast grad påverkar dei organisatoriskeløysingane som blir valde.
Førelesing, diskusjonar og arbeid i grupper blir nytta i denne bolken.
Pensum (Førebels):
NOU 20004: 13 . Ny arbeids- og velferdsforvaltning(Rattsø 3). Kap. 2. Sammendrag.
Tiltak.no: ulike rapporter, t.d. telemarksforsknings evaluering av samordningsforsøka (kanskje den 4 delrapporten? og Lødemelsevaluering av tiltak for langtidsklienter på sosialstønad ?)
Tone Alm Andreassen: ”Brukermedvirkning i praksis – faglig fortolkning av politiske mål” Kap 3. s. 53-73. i boka Velferdstjenester i endring. Når politikk blir praksisav Rannveig Dahle og Kirsten Thorsen(red.) Fabokforlaget 2004.
Definering av andre arbeidskrav
Gjennom gruppearbeid, rettleiing og plenumsdiskusjonar skal studentane kome fram til ei aktuell problemstilling med fokus på endring i eigen organisasjon. Arbeidskravet skal ein lever inn før samling 3.
SAMLING 3: Organisasjonsutvikling og NPM
Organisasjonsutvikling
Mål: Studentane skal få ei teoretisk og praktisk innføring i organisasjonsutvikling. Målet er at dei skal bli i stand til å forstå tankegangen i og reservasjonane mot dei ulike tilnærmingsmåtane, ikkje at dei skal resymere teoriane. Det er også eit mål at studentane etter fullført kurs skal kunne vere aktive deltakarar i endringsprosessar i eigen organisasjon.
Innhald og organisering: I denne delen skal ein arbeide ein med teoriar og case som gjeld organisasjonsutvikling. Ei sentral problemstilling vil vere å forstå dei faktorar som påverkar organisasjonsutviklingsprosessen og vilkår er viktige for å lykkast. Førelesing, diskusjonar og arbeid i grupper blir nytta i denne bolken.
Pensum:
Lyngdal, L E: Organisasjonsutvikling i teori og praksis. Oslo: TANO, 1992.
Irgens, Eirik: Den dynamiske organisasjonen. Ledelse og utvikling i et arbeidsliv i forandring. Abstrakt forlag. Oslo 2000
Rolfsen, Monica (red.): Trendenes tyranni. Fagbokforlaget, Bergen 2000
New Public Management (NPM)
Mål: Studentane skal få ein teoretisk innsikt i bakgrunnen for, og innhaldet i New Public Management. Ved å studere faktiske endringar i organisasjonar i Noreg dei seinare åra, skal studentane kunne relatere dette til internasjonale trendar der organisasjonsoppskrifter basert på NPM har hatt stor gjennomslagskraft.
Innhald og organisering: Ved bruk av teori og praktiske døme frå Noreg og samanlikne dette med andre land skal studentane vere med å diskutere spørsmål som:Kva er NPM? Korleis forklarer ein NPM? Og Kva kjem eter NPM?
Førelesing, diskusjonar og arbeid i grupper blir nytta i denne bolken.
Pensum
Tor Busch, Erik Johnsen, Kurt Klaudi Klausen, Jan Ole Vanebo Modernisering av offentlig sektor (heile eller delar av boka kan vere pensum)
Helge Ramsdal og Egil Skorstad: Privatisering fra innsiden. Om sammensmeltingen av offentlig og privat organisering. Fagbokforlaget. 2004. (heile eller delar av boka kan vere pensum)
Dorthe Pedersen (red) Offentlig ledelse i managementstaten, Forlaget Samfundslitteratur
Definering av prosjektarbeid
Etter samling 3 skal studentane utarbeide ei problemstilling, gjere greie for val av metode og lage ein framdriftsplan for skriving av prosjektarbeid. På samlinga vert det førelesing, gruppearbeid, plenumsdiskusjonar og rettleiing. Etter val av problemstilling blir studenten/gruppa tildelt rettleiar.
SAMLING 4: Lærande organisasjonar og internasjonalt perspektiv på velferdsstaten
Mål: Studentane skal få kjennskap til teoriar om læring i organisasjonar, utvikle forståing for organisasjonsutviklingstradisjonen og kunne gjere greie for gruppedynamikk og gruppeprosessar i læringssituasjonar.
Innhald og organisering:
Studentane får ei teoretisk og praktisk innføring i teoriar om læring i organisasjonar med døme frå offentleg sektor.
Forelesingar, gruppearbeid, caseanalyser og seminararbeid
Pensum
Dalin, Åke: Veier til den lærende organisasjon. Cappelen Akademisk Forlag, Oslo 1999
/eller/ Argyris, Chris: Bryt forsvarsrutinene. Hvordan lette organisasjonslæring? Universitetsforlaget, Oslo 1990.
/eller/ Senge, Peter: Den femte disiplin : kunsten å utvikle den lærende organisasjon. Oslo : Egmont Hjemmets bokforlag 1999.
Internasjonalt perspektiv på velferdsstaten
Mål: Studentane skal etter denne delen kunne drøfte kjenneteikna på den skandinaviske velferdsmodellen og sette denne opp mot andre velferdsmodellar. Styrken til modellen og kritikken av den skandinaviske modellen skal studentane kunne tolke i eit internasjonalt perspektiv. Gjennom slike samanlikningar vil ein få ei betre forståing for kva som er dei vesentlege likskapane og forskjellane på dei institusjonelle løysingane på velferdsbehova i ulike land.
Pensum: Forslag: Anton Hemerijck: ”The Self-Transformation of the European social modell(s)” Kap 6 (40 s.) i boka “Why we need a welfare state” av Gøsta Esping-Andersen m.fl. OxfordUniversity Press 2002
Rettleiing prosjektarbeid
På samlinga vert det gjeve individuell/grupperettleiing på arbeidet med prosjektarbeidet. Ved behov blir det og lagt opp til fellesrettleiing/undervisning med aktuelle tema i høve skriving av prosjektoppgåva.
SAMLING 5 OG 6: Leiingog Endringsleiing
Mål: Målet med kurset er å gje studentane grunnlag for å utøve rolla som leiar i ein organisasjon i endring, gjennom ei teoretisk og praktisk innføring i leiaren sine oppgåver. Kurset skal øve opp evna til læring omkring eiga rolle og medverke til personleg utvikling hos den enkelte.
Innhald og organisering: Samlingane inneheld fire hovudemne. I første delen fokuserer ein på leiarteoriane og andre teoriar om leiing. I andre delen er fokuset på leiing i offentleg sektor. I tredje delen er målet å sjå leiarskap i kontekst: Korleis varierer leiarskap? Kva er felles på tvers av samfunnssektor, organisasjonstype og kulturell kontekst? I den siste delen er fokus på leiarar i handling: Kva oppgåver har dei og kva verkemiddel kan dei bruke?
Pensum:
a) Leiarteoriane og andre teoriar om leiing.
Strand, T: Ledelse, organisasjon og kultur. Del I og II. Fagbokforlaget 2001.
b) Leiarskap i kontekst – organisasjon, kultur, sektor, osv.
Strand, T: Ledelse, organisasjon og kultur. Del III og IV. Fagbokforlaget 2001.
c) Leiarskap i handling.
Strand, T: Ledelse, organisasjon og kultur. Del V og VI. Fagbokforlaget 2001.
d) Leiing i offentleg sektor
Pedersen, D (red) Offentlig ledelse i managementstaten
Rettleiing prosjektarbeid
På samling 5 og 6 vert det gjeve individuell/grupperettleiing på arbeidet med prosjektarbeidet.
Pensumlitteraturen på eit studium av dette slaget vil stadig vere i endring. Litteraturforslaga må derfor oppfattast som døme på aktuell litteratur. I enkelte tilfelle er det oppgitt alternative forslag på same tema. Det er dessutan viktig å understreke at mykje av litteraturen som er oppgitt i samband med eitt bestemt tema, også kan kome til nytte i seinare tema i studiet, sjølv om dette ikkje alltid er spesifikt nemnt i omtalen av dei ulike bolkane.
Pensum 1. samling: Lise Kjølsrød: ” En tjenesteintensiv velferdsstat” Kap 7. s. 184- 209 i boka Det norske samfunn av Ivar Frønes og Lise Kjølsrød (red) 5. utgåve Gyldendal Akademisk2005.
Pensum (førebels) for 2. samling:
Hatch, Mary Jo: Organisasjonsteori. Moderne, symbolske og postmoderne perspektiver. Abstrakt Forlag, Oslo 2001.
Bjørvik, Kjell Inge og Willy Haukedal: Arbeids- og lederpsykologi. Cappelen Akademisk Forlag, Oslo 2001 (utvalde delar).
Wig, Bjarne Berg: Det uslåelige arbeidslaget. Kvalitetsutvikling med selvstyrte team. Tiden Norsk Forlag, Oslo 1999 (utvalde delar).
NOU 20004: 13 . Ny arbeids- og velferdsforvaltning(Rattsø 3). Kap. 2. Sammendrag.
Tiltak.no: ulike rapporter, t.d. telemarksforsknings evaluering av samordningsforsøka (kanskje den 4 delrapporten? og Lødemelsevaluering av tiltak for langtidsklienter på sosialstønad ?)
Tone Alm Andreassen: ”Brukermedvirkning i praksis – faglig fortolkning av politiske mål” Kap 3. s. 53-73. i boka Velferdstjenester i endring. Når politikk blir praksisav Rannveig Dahle og Kirsten Thorsen(red.) Fabokforlaget 2004.
Pensum for 3. samling:
Lyngdal, L E: Organisasjonsutvikling i teori og praksis. Oslo: TANO, 1992.
Irgens, Eirik: Den dynamiske organisasjonen. Ledelse og utvikling i et arbeidsliv i forandring. Abstrakt forlag. Oslo 2000
Rolfsen, Monica (red.): Trendenes tyranni. Fagbokforlaget, Bergen 2000
Tor Busch, Erik Johnsen, Kurt Klaudi Klausen, Jan Ole Vanebo Modernisering av offentlig sektor (heile eller delar av boka kan vere pensum)
Helge Ramsdal og Egil Skorstad: Privatisering fra innsiden. Om sammensmeltingen av offentlig og privat organisering. Fagbokforlaget. 2004. (heile eller delar av boka kan vere pensum)
Dorthe Pedersen (red) Offentlig ledelse i managementstaten, Forlaget Samfundslitteratur
Pensum
for 4. samling:
Dalin, Åke: Veier til den lærende organisasjon. Cappelen Akademisk Forlag, Oslo 1999
/eller/ Argyris, Chris: Bryt forsvarsrutinene. Hvordan lette organisasjonslæring? Universitetsforlaget, Oslo 1990.
/eller/ Senge, Peter: Den femte disiplin : kunsten å utvikle den lærende organisasjon. Oslo : Egmont Hjemmets bokforlag 1999.
Forslag: Anton Hemerijck: ”The Self-Transformation of the European social modell(s)” Kap 6 (40 s.) i boka “Why we need a welfare state” av Gøsta Esping-Andersen m.fl. OxfordUniversity Press 2002