Study Programmes 07/08 / Courses / FACULTY OF ENGINEERING AND... / PL412 Landskapsinngrep og terrengforming  

PL412 Landskapsinngrep og terrengforming

Kode
PL412

Namn
Landskapsinngrep og terrengforming

Studiepoeng
10.00

Kategori
Valfritt emne i bachelorstudium i Landskapsplanlegging med landskapsarkitekturfag

Tid
Vår blokk 2

Mål for emnet

Studentane skal lære å gjere greie for landskapsøkologiske problemstillingar og terrengmessige konsekvensar av ulike landskapsinngrep. Studentane skal kunne utføre enkle masseberekningar og prosjektering.

Forkunnskapar

PL 416 Landskapsanalyse

Innhald / oppbygging

Landskapskonsekvensar av vegbygging, vasskraftutbygging, vindmølleparkar, massetak og større rekreasjonsanlegg (hytteområde, alpinanlegg, golfanlegg). Konsekvensutgreiingar etter plan- og bygningslova. Identifisering av visuelle og økologisk sårbare landskap, naturområde og vegetasjon. Slitasje på vegetasjon.

Prosjektoppgåva omfattar utarbeiding av ein situasjonsplan for eit landskapsinngrep/ rekreasjonsanlegg. Oppgåva skal omfatte analyse av landskapet med nær- og fjernverknad av inngrepet/ anlegget, ei utgreiing av konsekvensar, og eit planframlegg med kommentarar der terrengforming inngår.

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar, feltøvingar og feltarbeid og ekskursjonar. Gruppearbeid og individuell oppgåve.

Ekskursjonar

Ekskursjonar til område med vegutbygging, vasskraftutbygging, massetak og rekreasjonsanlegg.

Arbeidskrav

Godkjende øvingar og rapport frå ekskursjonar.

Sluttvurdering

Prosjektoppgåve: 001 Individuell del, 50%. 002 Gruppearbeid, 50%. Bokstavkarakter

Pensum

Institutt for landskapsplanlegging 2005: Terrengforming. Kompendium med oppgavetekster.

Miljøverndepartementet 2006: Forskrift om konsekvensutredninger. Veileder. Kompendium utarbeidd av emneansvarleg.

Fagartiklar.