Study Programmes 07/08 / Courses / FACULTY OF ENGINEERING AND... / BI436 Hage- og landskapsplanter  

BI436 Hage- og landskapsplanter

Kode
BI436

Namn
Hage- og landskapsplanter

Studiepoeng
10.00

Kategori
Valfag

Tid
Vår blokk 3

Mål for emnet

Studentane skal kunne identifisere dei mest brukte lignoser og stauder i norske hagar og parkanlegg. Dei skal kunne vurdere kor eigna plantene er for ulike klimatilhøve, jordsmonn og bruksområde.

Forkunnskapar

BI 424 Botanikk og BI 445 Økologi og evolusjon

Innhald / oppbygging

Kjenneteikn på familiar og artar av vanlege lignoser, stauder og sommarblomar som er dyrka i hagar og grøntanlegg i Norge, og viltveksande tre, busker og karplanter som kan vere eigna for hagar og parkar. Kjennskap til dei ulike artane sine naturlege habitat, dei klimatiske og økologiske krava til veksestaden og viktige bruksområde.

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar, øvingar, ekskursjonar

Ekskursjonar

Ekskursjonar til private hagar, planteskule, arboret, parkar og botaniske hagar.

Arbeidskrav

Godkjent rapport frå øvingar og ekskursjonar

Sluttvurdering

Skriftleg eksamen med artsprøver. Tre timar, bokstavkarakter

Pensum

Hansen, O.B. 2003: Landskapsplanter. Kompendium. Landbruksbokhandelen, UMB, Ås.

Moen, A. 1998: Vegetasjon, Nasjonalatlas for Norge. Statens Kartverk.

Månsson, L. 2002: Gyldendals bok om stauder.

Aktuelle fagartiklar.

Kompendium utarbeidd av emneansvarleg.