Study Programmes 06/07 / Study Programmes / FACULTY OF HEALTH STUDIES / Psykisk helsearbeid og kommunehelsetenesta PS101  

Psykisk helsearbeid og kommunehelsetenesta PS101

Skriv ut Utskrift med emner
Namn på studiet
Psykisk helsearbeid og kommunehelsetenesta PS101

Studiepoeng
30

Organisering
Studium på heltid over eit semester.

Innleiing

Studiet vert tilbydd utvekslingsssutentar og omfattar sjukepleiefaglege emne i kommunehelsetensta og psykisk helsearbeid. Emnet har fokus på å tileigne seg sjukepleiekompetanse i forhold til menneske med behov for helsehjelp på grunn av psykisk sjukdom, aldring, kronisk sjukdom og varige funksjonshemmingar. Emnet inkluderer praksis i psykisk helsearbeid og heimebaserte tenester.

Kompetanse / formell grad

Emnet inngår i bachelorgrad i sjukepleie.

Målgruppe

Utvekslingsstudentar fra andre sjukepleieutdanningar som ønskjer eit semester ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. Studiet vert undervist på norsk og høver for studenter frå dei nordiske land eller andre utvekslingsstudentar som kan norsk.

Mål for studiet

Studenten

  • Har kunnskap om sjukepleie som del av helse- og sosialtenesta, med vekt på eldre, kronisk sjuke og funksjonshemma og utøver sjukepleie på bakgrunn av forskingsbasert og erfaringsbasert kunnskap
  • Har kunnskap om sjukepleie i psykisk helsevern og utøver sjukepleie på bakgrunn av forskingsbasert og erfaringsbasert kunnskap
  • Har forståing for aktuelle faglege og vitskapsteoretiske problemstillingar, syner ei kritisk og analytisk haldning og tek del i endringsprosessar
  • Har handlingsberedskap til å leie og administrere sjukepleie overfor grupper av pasientar og medarbeidarar
  • Utøver sjukepleie i tråd med sentrale verdiar i sjukepleie og i helsetenesta og syner etisk vurderingsevne.
  • Samarbeider målretta med pasient, hans/hennar nettverk ogandre yrkesgrupper
  • Har kunnskap om korleis psykisk helsesvikt oppstår, psykiske lidingar, hovudtradisjonar og metodar i behandling
  • Har kunnskap om korleis helsesvikt og sjukdom ytrar seg hjå eldre
  • Har innsikt i korleis langvarig fysisk og psykisk helsesvikt verkar inn på den einskilde og pårørande sin livssituasjon
  • Etablerer og vidareutviklar relasjonar som bidreg til meistring hjå brukarar og deira familie i samband med akutt og langvarig helsesvikt
  • Kan dokumentere og evaluere eiga utøving av sjukepleie
Opptakskrav / krav til forkunnskapar

Studentar som skal følgje dette studiet må ha fullført og greidd 90 studiepoeng av eit tre-årig bachelorstudium i sjukepleie. I andre gradssystem vil det vere naudsynt med særskilt vurdering.

Innhald / oppbygging

1. Sjukepleien si historie, fagleg og vitskapleg grunnlag, yrkesetikk - 5 ECTS

  • Sjukepleien si historie i psykisk helsearbeid og kommunehelsetenesta
  • Sjukepleien sitt vitskaplege og faglege grunnlag innan kommunehelsetenesta og psykisk helsearbeid
  • Ulikebehandlingssyn i psykisk helsearbeid
  • Sjukepleieteori og relevans for sjukepleiepraksis
  • Yrkesetikk, verdikonfliktar
  • Etiske dilemma og etisk refleksjon

2 Sjukepleiefaget og sjukepleiefunksjonen i psykisk helsearbeid og kommunehelsetenesta – 20 ECTS

  • Kronisk sjukdom og langvarig funksjonssvikt – livsverdsperspektiv
  • Brukarmedverknad
  • Rehabilitering og habilitering
  • Individuelle planer og sjukepleiedokumentasjon som reiskap i sjukepleie til pasientar med langvarig funksjonssvikt, kronisk sjukdom og psykiske lidingar
  • Samarbeid medpårørande/nettverksarbeid
  • Tverrfagleg samarbeid
  • Administrasjons- og leiaroppgåveri kommunehelsetenesta og psykisk helsearbeid
  • Vald – sjukepleieaspekt
  • Menneske med psykisk utviklingshemming i eit livsløpsperspektiv
  • Sjukepleiar sin funksjon i psykisk helsearbeid
  • Kommunikasjon og kontaktetablering/terapeutisk kommunikasjon
  • Individuell sjukepleie i psykisk helsearbeid, sjukepleiemetodar
  • Miljøterapi, institusjonsmiljø/heimemiljø
  • Fysisk aktivitet
  • ECT – behandling og sjukepleiar sine oppgåver
  • Sjukepleiar sine ansvar og oppgåver ved bruk av tvang og tvangsbehandling
  • Geriatrisk sjukepleie
  • Ernæring
  • Sjukepleiar sin funksjon i brukaren sin heim
  • Terminalomsorg i heimen
  • Sårbehandling
  • Praktiske sjukepleieferdighetar ved komplikasjonar og forhold som krev spesialisert overvaking og behandling i heimen
3. Sjukdomslære og farmakologi – 3 ECTS
  • Multippel patologi, endra sjukdomspresentasjon, endra sjukdomsforløp, psykiske og sosiale aspekt hos eldre
  • Psykiatrisk sjukdomslære m/medikamenthandtering; psykotiske tilstandar, stemningslidingar, nevrotiske lidingar, posttraumatisk stressliding, somatoforme lidingar, spiseforstyrringar, personlegdomsforstyrringar, sjølvmord og sjølvmordsforsøk
  • Rusmiddelproblematikk; ungdom og rus, rus og psykiske lidingar, førebygging og behandling
  • Legemiddelhandtering i sjukeheim og i heimetenestene
4. Stats og kommunalkunnskap, helse- og sosialpolitikk og juridiske rammer – 2 ECTS
  • Politiske, juridiske og organisatoriske rammer for psykisk helsearbeid/psykisk helsevern og kommunehelsetenesta
  • Kvalitetssikring og kvalitetsutvikling
Undervisnings- og læringsformer
  • Introduksjonsforelesningar
  • Studiegrupper med og utan rettleiing
  • Øvingar i gruppe med rollespel og bruk av video
  • Casebasert undervisning og gruppearbeid
  • Rettleiing på skriftlege oppgåver
  • Praksisstudiar
  • Skriftlege arbeid, rettleiing og respons frå lærar
  • Undervisning i delar av emnet kan føregå på engelsk
Praksis

8 veker praksisstudiar i psykisk helsearbeid
4 veker praksisstudiar i heimebaserte tenester

Arbeidskrav
  • Undervisning og øving i sjukepleiesenteret
  • Obligatorisk deltaking i praksisretta undervisning (PU)
  • Arbeid med skriftlege oppgåver
  • Studiegrupper med og utan rettleiing
  • Lærarrespons på skriftleg arbeid
Sluttvurdering

PS101 001 Praksis i heimebaserte tenester/omsorgsbustadar. Greidd/ikkje greidd.

PS101 002 Praksis i psykisk helsearbeid. Greidd/ikkje greidd.

PS101 Mappevurdering i psykisk helsearbeid og kommunehelseteneste.Individuell.
Bokstavkarakter

Arbeidsmappe: Fem skriftlege oppgåver innan kommunehelseteneste og psykisk helsearbeid.
Presentasjonsmappe: Tre av arbeida blir trekt ut til sluttvurdering, eit arbeid blir valt ut av studenten og to av fagtilsette.

Ved stryk eller forbetring av mappe kan omarbeidd tekst leverast.

Pensum
Sjukepleien si historie, fagleg og vitskapleg grunnlag, etikk

Bondevik og Nygård (red) (1999) Tverrfagleg geriatri kap. 6. Bergen: Fagbokforlaget

Bondevik og Nygaard,(1999). Tverrfaglig geriatri. Kap 4 Den eksistensielle dimensjon, 5 s. Kap 5 Etiske spørsmål og problemstillinger i eldreomsorgen, 5 s. Bergen: Fagbokforlaget

Christensen, B.(2004) Sykepleierens yrkesetikk, svekket av jussen Sykepleien, nr 8. (kompendium)

Karoliussen M og L. Smebye (1997) Eldre Aldring og Sykepleie Kap. 2 Oslo: Universitetsforlaget

Martinsen, K. (2003) Omsorg, sykepleie og medisin. s.1-39, s.67-83, s.142-168. Oslo: Universitetsforlaget

Nortvedt, P (2000) Stadig på akkord. Sykepleien, nr. 14 (kompendium)

NSF (2001) Yrkesetiske retningslinje og ICN`s kodeks . http://www.nosf.no

Slettebø, Å (2002) Sykepleie og etikk Gyldendal Akademisk, kap. 9-13 og kap. 17-18

Solheim, Marit (2004) Kan eg komme inn? Verdiar og val i heimesjukepleie. Kap.5, 18Universitetsforlaget

Sjukepleiefaget og sjukepleiefunksjonen i psykisk helsearbeid og kommunehelsetenesta

Berge, T. og Repål, A (2000). Kognitiv terapi ved angstlidingar I: Den indre samtalen. Innføring i kognitiv terapi Oslo: Gyldendal Akademisk Forlag A/S, kap. 1 (kompendium)

Barth, T. , Børtveit, T.og Prescott, P. (2001). Endringsfokusert rådgivning Gyldendal Norsk ForlagKap 9 (kompendium)

Bodenheimer T., et al. (2002). Patient Self-management of Chronic Disease in Primary Care. The Journal of American medical Association (JAMA).2002; 288: 2469-2475. (kompendium)

Bondevik, M. ogNygaard, H. (red) (2006).Tverrfaglig geriatri – en innføring. 2. utg Bergen:
Fagbokforlaget. Kap. 2,-3, 6-10, 12, 17-19, 21

Bredland, E. L., Linge, O.A., Vik, K. (2002). Det handler om verdighet. Ideologi og praksis i rehabiliteringsarbeid. 2. utg. Oslo: Gyldendal Akademisk

Dalland, O (1999) Pedagogiske utfordringar for helse og sosialarbeidere Universitetsforlaget

Heap, Ken (2002). Samtalen i eldreomsorgen: kommunikasjon, minner, kriser.Kommuneforlaget,Kap. 1-2, 4(s.80-105),5 -7, 12, 15

Farvolden, P. et.al (2005). Usage and Longitudinell Effectiveness of a Web-Based Self-help Cognitive Behavioral Therapy Program for Panic Disorder. Journal of medical intenet research 2005 (Mar 26); 7(1):e7 (kompendium)

Hjort, Peter (2000): Fysisk aktivitet og eldres helse – gå på! Tidsskrift Norsk Lægeforeningnr. 24, 2000; 120; 2915-19 (kompendium)

Hummelvoll, J. K. (2004). Helt ikke stykkevis og delt Gyldendal Norsk Forlag 6 utgave, 1 opplagKap 1, 3, 4, 6, 7, 8, 9, 10 (til s 265),12, 14, 16, 18

Johannesen, A. (2005): Hverdagslivet for svækkede gamle, Klinisk sygepleje nr.1/2005 (kompendium)

Kirkevold, M. og Ekern, K. S. (2001). Familien i sykepleiefaget. Kap. 1-2, 5-10. Oslo: Gyldendal Akademisk

Kvalitet i pleie og omsorgstjenestene. Veileder til forskrift om kvalitet i pleie- og omsorgstjenestene for tjenesteyting etter kommunehelsetjenesteloven og sosialtjenesteloven.IS-1201. Sosial og helsedirektoratet. 2004. Kap 1- 2

Martinsen, E. W.m. fl. (2004). Kropp og sinn: Fysisk aktivitet og psykisk helse. Fagbokforlaget. Kap.14-17, til s. 153 (kompendium)

Mehlum, L (red) (1999).Tilbake til livet. Selvmordsforebygging i teori og praksis Kristiansand: Høyskoleforlaget Kap. 8, 10, 11 (kompendium)

Norvoll, R (2001): Sosiale avvik og sosial kontroll, I Brodtkorb, E., Norvoll, R., Rugkåsa, M. (red.). Mellom mennesker og samfunnOslo: Gyldendal Akademsk. Kap 4 (kompendium)

Nyttingnes, O. og Skjerve, A. G. (2005). Hvis brukerne fikk bestemme… I Almvik, A. og Borge, L. (red). Psykisk helsearbeid i nye sko. Bergen: Fagbokforlaget. Kap 13 (kompendium)

Rantz,.M. J. & Zwygart Stauffacher,M. (2004): Back to the Fundamentals of Care. A Roadmap to Improve Nursing Home Care Quality. Journal of nursing care quality.Vol 19 no 2, 92-94. (kompendium)

Røkenes, O. H. og Hanssen P.-H. (2006).Bære eller briste: Kommunikasjon og relasjon i arbeid med menneskerBergen: Fagbokforlaget 2. utgave. Kap 1 – 7

Solheim, M. og Aarheim, K. A. (2004). Kan eg komme inn? Verdiar og val i heimesjukepleie. Oslo: Gyldendal akademisk.Kap 12, 6- 17, 19-20

Øgar, P. og Hovland T. (2004). Mellom kaos og kontroll.Ledelse og kvalitetsutvikling i kommunehelsetjenestenOslo: Gyldendal Akademisk Kap. 2(kompendium)

Sjukdomslære og farmakologi

Bondevik M og Nygaard (red) (1999) Tverrfaglig geriatri kap 8, 13 og 14 Bergen: Fagbokforlaget

Fasbom, Johan, (2002): Eldre og legemidler, Oslo: Kommuneforlaget

Laake, K. Geriatri i praksis. Kap 1-5, 10,

Snoek, J. E. og Engedal, K. (2004) Psykiatri, kunnskap, forståelse,utfordringar, s 33-49. Kap.: 4, 5, 6 t.o.m. s.96, s.100-102, s.108-115, kap.8 og 10. Oslo: Akribe forlag

Stats og kommunalkunnskap, helse- og sosialpolitikk og juridiske rammer

Pfeiffer, Richarda (2002) Sykepleier og leder kap. 4 og 7. Bergen: Fagbokforlaget

Sandvoll, A.M. (2006).Urovekkande gode resultat. Tidsskriftet Sykepleien 9/2006, s 63-64 (kompendium)

Solheim, M. og Aarheim, K. A. (2004). Kan eg komme inn? Verdiar og val i heimesjukepleie. Oslo: Gyldendal akademisk.Kap 3-4

Øgar, P. m.fl. (2004): Mellom kaos og kontroll. Ledelse og kvalitetsutvikling i kommunen. Oslo : Gyldendal akademisk Kap 2. (kompendium)

Sosial og helsedirektoratet 11/2004, IS-1201: Kvalitet i pleie og omsorgstjenestene. Kap 1 -2. (9 sider) I: Veileder til forskrift i kvalitet i pleie og omsorgstjenestene for tjenesteyting