Namn på studiet
Utdanningsadministrasjon, 1-årig vidareutdanning
Studiepoeng
I utdanningssamanheng kan studiet inngå i ein universitets- eller høgskulegrad. Det utgjer då eitt års normert studietid (60 studiepoeng).
Organisering
Studiet er organisert som eit deltidstilbod over fire semester. Studiet er fullt ut samordna med første året av HSF sitt masterstudium i organisasjon og leiing og studietilbodet ”Rektorskulen”.
Innleiing
Dette er eit vidareutdanningsstudium med pedagogiske, samfunnsvitskaplege, økonomiske, administrative og juridiske fag. Gjennom studiet kan trongen for administrativ vidareutdanning med vekt på pedagogisk leiing hjå eit breitt felt av personar med tilknyting til utdanningssektoren og bakgrunn frå universitet og høgskule dekkjast.
Kompetanse / formell grad
I utdanningssamanheng kan studiet inngå i ein universitets- eller høgskulegrad. Avhengig av studentanes bakgrunn elles kan det ved HSF kvalifisere for vidare deltaking i masterstudiet i organisasjon og leiing.
Studiet skal kvalifisere for leiarstillingar og administrative oppgåver i utdanningssektoren.
Målgruppe
Målgruppa er personar som arbeider i og med opplærings- og utdanningsverksemd. Studiet skal kvalifisere for leiaroppgåver i sektoren og vere eit relevant vidareutdanningstilbod for både personar som har slike stillingar no, eller som søkjer mot leiarstillingar både i barnehage, grunnskule og vidaregåande skule.
Målgruppa er personar i yrkeslivet. Difor er studiet organisert som eit deltidstilbod som kan kombinerast med arbeid.
Mål for studiet
Hovudmålet for studiet er å kvalifisere personar med profesjonsutdanning og yrkeserfaring til administrative stillingar og leiarstillingar innan utdanningssektoren
Delmåla for dei enkelte emna er:
Rett og urett i skulen
Målet med emnet Rett og urett er å gjere skoleleiarar trygge på at dei utøver faglig og administrativ leiing innanfor dei grenser som trekkes opp av rettsreglane. Emnet gjev ei innføring i juridisk tenkemåte, og eit oversyn over dei viktigste rettsreglane som regulerer skulens verksemd i høve elevar, foreldre og tilsette.
Økonomisk styring i skulen
Målet med emnet er å gje studentane innsikt i og kunnskapar om økonomiske emne som er viktige for å leie ein skule slik at dei økonomiske ressursane vert brukte på ein best mogeleg måte. Emnet skal gje skoleleiarar økonomisk forståing som styrkar forutsetningane for kommunikasjon med økonomiforvaltning på kommunenivå og fagøkonomiske miljø.
Organisasjon og leiing
Målet med emnet i organisasjon og leiing er at studentane skal lære å sjå skulen gjennom organisasjonsteoretiske omgrep. Studentane skal tileigne seg ei forståing av korleis organisasjonar fungerer, internt og i forhold til omverda. Dette inneber å lære om sentrale problemområde, hypoteser og undersøkingar der oppbygging av organisasjonar og deira verkemåde er sentrale. Ei innføring i sentrale teoriar om leiing er ein integrert del av organisasjonsforståinga.
Leiing av pedagogisk verksemd
Gjennom emnet skal studentane utvikle ei grunnleggjande forståing for skulens mandat og egia rolle som pedagogisk leiar. Det skal utviklast ei forståing for at skuleutviklingstiltak må kvalitetssikrast ved at skoleleiaren framstår som rettleiar og pådrivar i endrings- og omstillingarbeid. Gjennom emnet skal studentane presenterast for refleksjon over teori og erfaringsbasert kunnskap og samstundes få kjennskap til forskningsbaserte metodar for skuleutvikling
Utdanningspolitikk og pedagogisk leiing
Dette er det sentrale emnet der utdanningspolitiske spørsmål vert handsama. Målet er at studentane skal utvikle kompetanse i å leie og organisere læringsforløp slik at medlemmane i organisasjonen lærer, utvikle kompetanse i å planlegge og evaluere utviklingsarbeid i skulen og utvikle kompetanse i å utøve profesjonell leiing i skulen. Dei skal etter avslutta emn kunne fungere som ressurspersonar i utviklingsprosjekt, ha utvikla kompetanse i å analysere utdanninspolitiske dokument og prosessar og ha utvikla kompetanse i å arbeide fagleg opp mot utdanningspolitiske prosessar
Opptakskrav / krav til forkunnskapar
For opptak til studiet gjeld desse krava til utdanning:
- Avslutta grunnutdanning – minimum 3 år – på det profesjonsområdet studiet dekkar. Døme på slike utdanningar er allmenn- og førskulelærar.
- Andre relevante fagkombinasjonar på bachelor, cand. mag. eller tilsvarande nivå.
- Studentane må dessutan har minst to års praksis frå yrket dei har kvalifisert seg for. Det er høve til å dispensere frå kravet om praksis dersom særlege grunnar ligg føre (td personar som nyleg har omskulert seg).
Også andre med relevant utdanning og praksis kan på bakgrunn av realkompetanse takast opp til dette årsstudiet. Søkjarar som fyller krava i punkta ovanfor vert prioriterte til studiet. Dei som tilfredsstiller krava til generell studiekompetanse, eller vert vurdert kompetente etter realkompetanse kan søkje om opptak til deler av årsstudiet.
Innhald / oppbygging
Studiet er lagt opp som deltidsstudium over fire semester (2 år). Fire av emna er på 10 studiepoeng kvar. Eitt emne er på 20 studiepoeng. Tabellen nedanfor syner oppbygginga av studiet.
|
Master steg 3
|
Masteroppgåve (30 sp)
|
|
Master steg 2
|
Leiing og endring i organisasjonar (20 sp)
|
Forskingsstrategiar og metode (10 sp)
|
Utdanningsleiing og pedagogisk leiing (20 sp)
|
|
Økon.styring i skulen (10 sp)
|
|
Master steg 1”Rektorskulen”
|
Organisasjon og leiing (10 sp)
|
Rett og urett i skulen (10 sp)
|
Leiing av pedagogisk verksemd (10 sp)
|
Steg 1 Steget tilsvarar ”Rektorskulen” som HSF, UiO, UiT og HiA har utvikla. Emna med utheva skrift i figuren syner årsstudium i Utdanningsadministrasjon
Utdaningsleiing kvalifiserer for vidare studier ved HSFs master i organisasjon og leiing – utdanningsleiing. Heile eller delar av emne kan vere samordna med andre studium innanfor masterprogrammet.
Kvart emne vert avslutta med ei sluttvurdering og gjev studiepoeng etter arbeidsmengde. Arbeidsmengde er omlag 15 studiepoeng kvart semester over to år.
|
1.sem
|
2.sem
|
3.sem
|
4.sem
|
|
Org. og leiing
|
Leiing av ped verks.
|
Utdanningspolitikk og ped.leiing
|
|
Rett og urett i skulen
|
|
|
|
Øko.styring i skulen
|
|
Undervisnings- og læringsformer
Studiet er bygt opp rundt samlingar med førelesingar, seminar og gruppearbeid. På samlingane vil studentane møte varierte og problemorienterte arbeidsformer som casedrøftingar, øvingar og prosjektseminar med drøftingar av eige og andres prosjekt.
Samlingane er i regelen vekesamlingar. Mellom samlingane skal studentane arbeide med pensumlitteratur og oppgåver. Det vert lagt vekt på å utvikle bruken av IKT som kommunikasjons- og informasjonskanal og som læringsverktøy i studiet.
Det er ein føresetnad for gjennomføring av studiet at studentane har tilgang til e-post og internett.
Studiet stiller krav om sjølvstendig pensumgjennomgang, ansvar for eiga læring mellom samlingane og aktiv tilnærming til dei problemstillingar studentane vert presenterte for.
I kvart emne er det venta at studentane sjølve arbeide med tekstar som på ulike måtar bidreg til innæring av fagstoff. Studentane får tilbod om, og har krav på, rettleiing individuelt,eller i grupper, i utforming av tekstane. Heile eller delar av tekstane kan leverast inn til sluttvurdering og fungerer i fleire emne som eksamen.
Tabellen nedanfor syner dei ulike tekstane som skal arbeidast med i kvart emne:
|
Sem
|
Emne
|
Teksttypar
|
|
1
|
OR614 Organisasjon og leiing
|
Bruke relevant teori i drøfting av eit organisasjonsproblem eller utfordring på eigen arbeidsplass
|
|
2
|
JU642 Rett og urett i skulen
|
Utarbeide svar på øvingsoppgåver utlevert av faglærar
|
|
2
|
SA662 Leiing av pedagogisk verksemd
|
Utarbeiding av dokument som handlar om utviklings-prosessar på eigen arbeidsplass.
|
|
3
|
SØ660 Økonomisk styring i skulen
|
Utarbeidet svar på øvingsoppgåve utlevert av faglærar
|
|
4
|
SA668 Utdanningspolitikk og pedagogisk leiing
|
Bruke relevant teori i drøfting av eit fagleg problem. Utforme som fagleg paper/artikkel
|
Studentane har krav på rettleiing i samband med tekstar, men ikkje ut over det semesteret det vert undervist i emnet.
Praksis
Det er ikkje krav til praksis undervegs i studiet, men vi viser til opptakskrava sine formuleringar om praksis som grunnlag for opptak.
Studieopphald i utlandet
Det er ikkje lagt opp til studieopphald i utlandet.
Arbeidskrav
Det er lagt opp til to arbeidskrav i studiet. Det første semesteret skal studentane skrive eit startdokument, og i siste semesteret eit avsluttande refleksjonsdokument.
|
Sem.
|
Innhald/krav
|
|
1
|
A-krav nr. 1: Eigenpresentasjon: Målformulerande dokument der studenten gjer greie for sine forventningar og mål for studiet
|
|
4
|
A-krav. nr. 2: Læringsdokument: Individuelt utforma refleksjonsdokument der studenten vurderer si eiga læring og utbytte av studiet
|
Begge arbeidskrav skal godkjennast av studieleiar eller den faglæraren studieleiar peikar ut. Godkjent arbeidskrav nr. 1 er ein føresetnad for å levere tekstar til sluttvurdering i første semester, og godkjent arbeidskrav nr. 4 er eit vilkår for å levere tekst til sluttvurdering i fjerde semester.
Det er utforma eigne retningsliner for innhaldet i dei to arbeidskrava.
Sluttvurdering
Tabellen nedanfor syner den samla oversikta over sluttvurderingar. Som det går fram av tabellen, kan studentane velje å la det vere tett samband mellom fagtekstar og eksamen. Det vert ikkje lagt opp til nokon form for tradisjonell skuleeksamen.
|
Sem
|
Emne
|
Tekst som skal leverast til sluttvurdering
|
|
1
|
Organisasjon og leiing
|
Dokument på maks 5 s. som drøftar eit organisasjons-problem eller utfordring på eigen arbeidsplass innan dato gjort kjent av faglærar.
|
|
2
|
JU642 Rett og urett i skulen
|
Svar på utlevert juridisk oppgåve innan dato gjort kjent av faglærarar. Maks 10 s.
|
|
2
|
OR682 Leiing av pedagogisk verksemd
|
Refleksjonsdokument som handlar om utviklingsprosessar på eigen arbeidsplass. Maks 10 s. leverast innan dato som vert gjort kjent av faglærar.
|
|
3
|
SØ660 Økonomisk styring i skulen
|
Svar på utleverte økonomiske oppgåver innan dato gjort kjent av faglærarar. Maks sidetal vert gjort kjent.
|
|
4
|
SA668 Utdannanningspolitikk og pedagogisk leiing
|
Fagleg paper eller artikkel innan dato gjort kjent av faglærarar. Maks 10 s.
|
Det vert nytta bokstavkarakterar i alle vurderingar dersom ikkje anna står i emneplan. Intern/ekstern sensur skjer etter eigen plan på avdelingsnivå.
Pensum
Pensumlitteratur går fram av omtalen av dei einskilde emna i studiet. Pensumlitteraturen i studieplanen vil undervegs bli supplert og endra. Den endelege pensumlitteraturen vert gjort kjend på HSF sine heimesider i byrjinga av kvart eksamenssemester.
For nokre emne er supplerande pensum/tilleggslesing oppgjeve. Dersom pensum vert henta her, skal faglærar eksplisitt gjere dette klart for studentane ved byrjinga av eksamenssemesteret.
Vi reknar vanlegvis med omlag 65 - 85 sider pr studiepoeng, men dette kan i stor grad variere mellom emne.