Deltid. Nettbasert studium med samlingar.
Studiet utgjer 30 studiepoeng og kan byggjast ut til årseining i engelsk. Studiet kan inngå som valfag i 4-årig allmennlærarutdanning.
–
Studiet skal leggja til rette for at studentane skal
– tileigna seg faglege og pedagogis­ke føresetnader for å undervise i engelsk i norsk grunnskole med vekt på barnetrinnet 1-7
– få innsikt i eiga og born si språklæring
– tileigna seg kunnskap om det engelske språket og korleis det blir brukt
– utvikla eit teoretisk og didaktisk grunnlag for å undervisa i engelsk på barnetrinnet
– bli i stand til å nytta digitale verktøy til læring og kommunikasjon
– utvikla sosial kompetanse og evne til å spreia språkglede og fagleg engasjement
– nytta engelsk på tvers av fag
Søkjarar må ha fullført lærarutdanning. Studiet er og ope for studentar i lærarutdanning eller for søkjarar med realkompetanse.
Studiet er bygd opp etter emne- og studiepoengsystemet.
Studiet er delt inn i 2 emne kvar på 15 studiepoeng med avsluttande eksamen som utgjer til saman 30 studiepoeng. Engelsk vil bli brukt som arbeidsspråk i heile kurset. Det vil vera ein didaktisk vinkling på all undervisning samstundes som det vert lagt vekt på å utvikla deltakarane sin eigen språkkompetanse. IKT står sentralt i studiet, og kommunikasjon utanom samlingane vil gå føre seg ved hjelp av internett. På samlingane vil ein spesielt bruka tid å øva opp munnleg eigendugleik og diskutera og demonstrera elevaktive læringsformer. Det vil bli tilbod om eit studieopphald ved Det Norske Studiesenteret, University of York, i Storbritannia i veke 16 og 17 i 2008
Studiet er nettbasert, og det vil bli 5 samlingar i kvart semester. Det kan også bli førelesingar om språk, litteratur og bakgrunnskunnskap. Studentane må disponera datamaskin med nettilkobling. Mellom samlingane skjer undervisninga ved hjelp av Fronter. Studenten skal vera i prosess gjennom heile studiet og skal levera inn tekstar for å få tilbakemelding på språk, struktur og innhald. Studentane arbeider individuelt og i grupper på nettet. Det blir lagt vekt på å skapa eit læringsmiljø der studentane samhandlar aktivt. Sentralt i eit slikt læringsrom er dei nettbaserte diskusjonsgruppene.
Det skal vera praksis i eigen klasse eller gjennom øvingsskulen i Emne 1. Denne skal ta form av eit pedagogisk utviklingsarbeid, som skal dokumenterast gjennom ein rapport.
Obligatorisk deltakling på samlingane. I studiet er det eit visst tal arbeidskrav som må vera godkjende for at studentane kan melda seg opp til eksamen. Omtalen av arbeidskrava kan ein finna under emna.
Vurderingsordninga er i hovudsak mappevurdering og eksamen i munnleg bruk av engelsk. Krava om innhald går fram av omtalen av dei einskilde emna. Studenten må samle dei ulike arbeida sine i ei arbeidsmappe, og skal frå denne velja dei tekstane som han/ho ynskjer å ha i presentasjonsmappa. Fristar for desse oppgåvene/prøvane vert fastsette etter kvart. Ved mappeeksamen betyr dette at studenten må vera i prosess heile året og stadig levera inn tekstar og oppgåver.