Namn på studiet
Helse- og sosialforvaltning, årsstudium
Studiepoeng
60
Organisering
Deltidsstudium
Innleiing
Dette er eit 1-årig studium i helse- og sosialforvaltning for gjennomføring av folkeuniversitet som samarbeider med HSF. Studieplanen er sist revidert 6. juli 2005.
Studiet er eit tverrfagleg vidareutdanningstilbod med samfunnsvitskaplege, økonomiske, administrative og juridiske fag. Gjennom studiet kan trongen for administrativ vidareutdanning hjå ei brei gruppe av personar med bakgrun frå helse- og sosialsektoren dekkjast.
Kompetanse / formell grad
Studiet helse- og sosialforvaltning skal kvalifisera for administrative oppgåver og sakshandsaming i helse- og sosialsektoren, både i og utanfor institusjon.
I utdanningssamanheng kan studiet inngå i ein universitets- eller høgskulegrad. Det utgjer då eitt års normert studietid (60 studiepoeng).
Målgruppe
Målgruppa for studiet er følgjande:
Personar med ei avslutta grunnutdanning sikta inn mot helse- og sosialsektoren, og som ynskjer å kvalifisere seg for administrative leiarstillingar eller særleg sjølvstendige arbeidsoppgåver.
Personar med yrkespraksis frå helse- og/eller sosialsektoren og som av personlege eller karrieremessige grunnar søkjer administrativ kunnskap og innsikt for å kunne utøve leiar- og administrasjonsstillingar i helse- og sosialsektoren.
Mål for studiet
Studiet skal gje eit heilskaps- og sektorovergripande perspektiv på helse- og sosialsektoren. Måla for einskildkursa er delmål som byggjer opp under dette:
4.1 Helse- og sosialrett
Emnet i helse- og sosialrett skal gje studentane forståing for dei mest sentrale lovene innan offentleg sakshandsaming, sosial vernerett, helsevernet og trygdesektoren. Emnet skal gjere studentane i stand til sjølvstendig saksførebuing etter desse lovene.
4.2 Helseøkonomi
Emnet skal gi kunnskap om offentleg økonomiforvaltning innan helse- og sosialsektoren. Budsjettering som planleggings- og vedtaksinstrument står sentralt og studentane skal få grunnlag for å utføre standard budsjettoppsett og enkle økonomiske analysar.
4.3 Organisasjon og leiing
Målet med emnet i organisasjon og leiing er at studentane skal lære å sjå driftseiningane innan sektoren gjennom organisasjonsteoretiske omgrep. Studentane skal tileigne seg ei forståing av korleis organisasjonar fungerer, internt og i forhold til omverda. Dette inneber å lære om sentrale problemområde, hypoteser og undersøkingar der oppbygging av organisasjonar og deira verkemåde er sentrale. Ei innføring i sentrale teoriar om leiing er ein integrert del av organisasjonsforståinga.
4.4 Leiing av grunneiningar
Gjennom emnet skal studentane få kjennskap til sentrale problemstillingar knytte til det å ha utviklings- og driftsansvar for utøvande einingar innan helse- og sosialsektoren. Studentane skal tileigne seg forståing for kommunikasjonsprosessar, IKT-utvikling og organisering av tverrfagleg samarbeid i praksis.
4.5 Helse- og sosialpolitikk
Emnet skal gje ei innføring i helse- og sosialpolitikken som ramme for utøving av rolla som helse- og sosialarbeidarar og leiarar i sektoren.
4.6. IKT i helse- og sosialsektoren
Kurset skal gjere studentane i stand til å forstå dei grunnleggjande prinsippa bak informasjons- og kommunikasjonsbasert sakshandsaming. Etter avslutta kurs skal studentane kjenne til oppbygging av pasientadministrative system, kunne bruke av nettbaserte informasjonskjelder og kjenne til dei rettslege og praktiske sidene ved lagring, attfinning og bruk av digital pasient- og klientinformasjon.
Opptakskrav / krav til forkunnskapar
Studiet er primært eit tilbod om vidareutdanning for personar med avslutta grunnutdanning eller relevant praksis frå helse- og sosialsektoren. Opptakskravet er generell studiekompetanse. Også andre med relevant utdanning og praksis kan på bakgrunn av realkompetanse takast opp til studiet.
Det er mogeleg å ta delar av studiet.
Innhald / oppbygging
Studiet er bygd opp etter emne- og studiepoengsystemet. Kvart emne vert avslutta med ei sluttvurdering, og har studiepoeng etter arbeidsmengde. Det er høve til å ta delar av utdanninga og få stadfesting for dette i form av karakterutskrift.
Undervisninga ved nokre av kursa vil ha ein generell karakter. Det er naturleg at folkeuniversiteta startar studiet med dei mest generelle kursa, og går deretter mot dei meir spesielle.
|
1. studieår
|
2. studieår
|
|
Organisasjon- og leiing
|
Helse- og sosialrett
|
Drift av grunn- eining
|
Helse- økonomi
|
IKT i helse- og sosialsektoren
|
Helse- og sosial- politikk
|
|
|
|
|
|
|
|
Emnet «Helse- og sosialpolitikk» skal avslutta studiet, men kan gå parallelt med andre kurs (same semester).
Nedanfor følgjer eit oversyn over dei einskilde emna som inngår i studiet med studiepoeng som viser omfanget. Opplistinga syner den naturlege rekkjefølgja i avvikling av dei ulike emna.
|
Emnekode
|
Innhald/kursnamn
|
Studiepoeng:
|
|
OR614
|
Organisasjon og leiing
|
10
|
|
JU613
|
Helse- og sosialrett
|
10
|
|
SA667
|
Drift av grunneining
|
10
|
|
SAØ652
|
Helseøkonomi
|
10
|
|
DA651
|
IKT i helse- og sosialsektoren
|
15
|
|
SA658
|
Helse- og sosialpolitikk
|
5
|
Studiet kan avviklast som eit årsstudium, der normalen er 30 studiepoeng pr. semester, men sidan studiet gjerne rekrutterer studentar i full stilling utan studiepermisjon, kan studiet også avviklast over 2 eller fleire år.
Kvart emne er knytt til studiepoengsystemet, noko som har betydning for omfanget av pensum og undervisning. Som regel reknar ein at 3 studiepoeng tilsvara minimum 15 undervisningstimar à 45 minutt. Eit kurs på 6 sp. tilsvara t.d. 30 undervisningstimar. Omfanget av individuell rettleiing skal også telje med i utforminga av undervisninga.
Undervisnings- og læringsformer
Undervisninga vil vere forelesingar, gruppearbeid og indivduell rettleiing. Det er høve til å gjennomføre undervisninga i form av oppgåveseminar og rettleiing i forhold til innleverte øvingsoppgåver. Tal timar direkte undervisning vert då redusert.
HSF godkjenner forelesarar og kursansvarlege etter framlegg frå folkeuniversiteta. Godkjenningskrava er dei same som for forelesarar/tilsette generelt ved høgskular og universitet.
Praksis
Sidan målgruppa i første rekkje er tilsette i helse- og sosialsektoren i dagleg arbeid, vert det ikkje stilt krav om praksis som del av studiet.
Arbeidskrav
Det er lagt opp til minst eitt arbeidskrav pr. emne. I tillegg skal det utarbeidast eitt start- og eitt avsluttande dokument som i form tilsvarar eit arbeidskrav. Det første og dei to siste arbeidskrava skal leverast inn til det avsluttande emnet i helse- og sosialpolitikk. Tabellen gjev eit oversyn over alle arbeidskrava når årsstudiet vert organisert over to år.
|
Sem.
|
Emne
|
Innhald/krav
|
|
1.studieår
|
Studiet
|
A-krav nr. 1: Eigenpresentasjon: Målformulerande dokument der studenten gjer greie for sine forventningar og mål for studiet .
|
|
Organisasjon og leiing
|
A-krav nr. 2: Bruk av relevant teori i definering av eit organisasjonsproblem eller utfordring på eigen arbeidsplass. Dokument på maks. 5 sider
|
|
Helse- og sosialrett
|
A-krav nr. 3: Godkjent minst ei øvingsoppgåve utlevert av faglærar
|
|
Drift av grunneining
|
A-krav nr. 4: Utarbeiding av dokument som handlar om utviklingsprosessar på eigen arbeidsplass. Maks 10 s.
|
|
2.studieår
|
Helseøkonomi
|
A-krav nr. 5: Godkjent minst ei øvingsoppgåve utlevert av faglærar.
|
|
IKT i helse- og sosialsektoren
|
A-krav nr. 6. Utarbeide eit dokumet som handlar om IKT-prosessar på eigen arbeidsplass. Maks 15 sider
|
|
Helse- og sosialpolitikk
|
A-krav nr. 7. Utarbeide eit refleksjonsdokument om korleis sentrale sider ved helse- og sosialpolitikken påverkar eigen arbeidsplass. Maks 5 sider.
|
|
Studiet
|
A-krav. nr. 8: Læringsdokument: Individuelt utforma refleksjonsdokument der studenten vurderer si eiga læring og utbytte av studiet
|
Det blir utforma eigne retningsliner for gjennomføring av arbeidskrava. Deler av arbeidskrav kan også nyttast som del av sluttvurderinga.
Sluttvurdering
Tabellen nedanfor syner den samla oversikta over sluttvurderingar. Som det går fram av tabellen, kan studentane velje å la det vere tett samband mellom arbeidskrav og eksamen. Det vert ikkje lagt opp til nokon form for tradisjonell skuleeksamen.
Det vert nytta bokstavkarakterar i alle vurderingar.
|
Emne
|
Sluttvurdering
|
|
Organisasjon og leiing
|
Vurdering av innlevert refleksjonsdokument på maks 5 sider. Kan vere individuelt, eller i gruppe. (Kan då levere 10 sider). Arbeidskrav nr. 2 kan leverast til vurdering.
|
|
Helse- og sosialrett
|
Vurdering av innlevert refleksjonsdokument. Kan vere individuelt, eller i gruppe. Sideomfang vert avgjort av faglærar Arbeidskrav nr. 3 kan leverast til vurdering.
|
|
Drift av grunneining
|
Vurdering av innlevert, individuelt refleksjonsdokument. Omfang vert avgjort av faglærar. Arbeidskrav nr. 4 kan leverast til vurdering.
|
|
Helseøkonomi
|
Vurdering av innlevert refleksjonsdokument. Kan vere individuelt, eller i gruppe. Omfang vert avgjort av faglærar. Arbeidskrav nr. 5 kan leverast til vurdering
|
|
IKT i helse- og sosialsektoren
|
Vurdering av dokumet som handlar om IKT-prosessar på eigen arbeidsplass. Maks 15 sider. Arbeidskrav nr. 6 kan leverast til vurdering.
|
|
Helse- og sosialpolitikk
|
Vurdering av refleksjonsdokument om korleis sentrale sider ved helse- og sosialpolitikken påverkar eigen arbeidsplass. Maks 5 sider. Arbeidskrav 1 og 8 skal inngå i vurderinga.
|
Pensum
Når det gjeld omfanget av pensum, reknar ein mellom 66 – 85 sider pr studiepoeng, men dette vil variere mellom emna. Framlegg til pensumlitteratur går fram av omtalen av dei einskilde emna i studiet.
For nokre emne er elles supplerande pensum/tilleggslesing oppgjeve. Dersom pensum vert henta her, skal faglærar eksplisitt gjere dette klart for studentane ved byrjinga av det semesteret sluttvurderinga er planlagt. Godkjend, supplerande litteratur står faglærar
(godkjent av HSF) fritt til å nytte som pensum. I nokre kurs veljer faglærar fritt pensum. Her skal dette eksplisitt gjerast kjend for studentane ved byrjinga av det semesteret sluttvurderinga er planlagt.
Vanlegvis vil det vere naudsynt å supplere hovudlitteraturen med nokre aktuelle offentlege dokument (Td. NOU/ST.meld.) Dette er vanleg å gjere i undervisnings-samanheng. Dersom desse også skal nyttast som pensum, skal det godkjennast av HSF.