Leiing for velferd OR644

Skriv ut Utskrift med emner
Namn på studiet
Leiing for velferd OR644

Studiepoeng
30

Organisering
Studiet er organisert som eit deltidstilbod over fire semester med oppstart november 2007 og avslutning våren 2009. Studiesamlingar i Hordaland og Sogn og Fjordane. Samlingane går som regel over tre dagar med oppstart ved lunch første dag og avslutning ved lunch tredje dag.

Innleiing

Vidareutdanninga i Leiing for velferd rettar seg både mot erfarne og ferske leiarar som ønskjer eit betre grunnlag for å arbeide med nye oppgåver. Medarbeidarar med avgrensa leiaroppgåver (teamleiarar/gruppeleiarar) vil og kunne ha stort utbyte av studiet. Målet er at deltakarane skal utvikle sin eigen leiarkompetanse gjennom å arbeide med moderne teoriar om organisasjon og leiing, og bruke desse til å analysere ulike situasjonar og problem med relevans for leiarar. Det vil bli lagt særleg vekt på omstillings- og endringsprosessar. I studiet vil ein nytte case frå studentane sine noverande og tidlegare organisasjonar og andre offentlege og private organisasjonar som kan gje innsikt i dei problemstillingane som blir gjennomgått. Studiet er basert på moderne læringsformer som ikt, problemorientering og eigenutvikling. Ressurspersonar frå NAV og kommunane vil bli trekte inn som gjesteførelesarar i aktuelle emne.

Kompetanse / formell grad

Studentar som fullfører kurset og tek eksamen, får formell kompetanse tilsvarande 30 studiepoeng eller eit halvt års fulltidsstudium innan universitets- og høgskulesystemet.

Studentar som fullfører kurset utan å ta avsluttande eksamen, får tildelt eit kursbevis

Målgruppe

Vidareutdanninga Leiing for velferd er eit studium for personar som ønskjer og vil ta på seg leiaroppgåver eller vidareutvikle seg som leiar. Studiet er innretta mot tilsette i NAV, kommunar og tilgrensande organisasjonar som arbeider med produksjon av velferdstenester. Studiet er ambisiøst og krev innsats frå den enkelte student.

Mål for studiet

Målet er at deltakarane skal utvikle sin eigen leiings- og utviklingskompetanse gjennom å arbeide med moderne teoriar om organisasjon og leiing, og bruke desse til å analysere ulike situasjonar og problem med relevans for leiarar.

Opptakskrav / krav til forkunnskapar

Opptakskravet er generell studiekompetanse. Realkompetanse kan etter særskild vurdering vere grunnlag for opptak.

Innhald / oppbygging

Studiet er basert 6 samlingar som går over tre dagar. Mellom samlingane skal studentane arbeide på eiga hand og i grupper. Det vert lagt vekt på å utvikle bruken av IKT som kommunikasjons- og informasjonskanal og som læringsverktøy via læreprogrammet Fronter.

Undervisnings- og læringsformer

I tillegg til førelesingar vil studentane på samlingane møte varierte og problemorienterte arbeidsformer som casedrøftingar, øvingar og prosjektseminar med drøftingar. På denne måten kan studentane utvikle forståing av sin eigen organisasjon både gjennom eigne analysar og ved å bli konfrontert med andre deltakarar sine spørsmål og tolkingar. Sameleis skal dei bli kjende med andre studentar sine analysar av sin organisasjon, og få trening i å analysere andre typar organisasjonar enn sin eigen.

Arbeidskrav

Det inngår to obligatoriske arbeidskrav i studiet.

Sluttvurdering

Ved avslutninga av studiet leverer studentane ei større prosjektoppgåve (individuelt eller i grupper inntil 3) der målet er å bruke kunnskapen frå studiet i ein konkret organisasjonsanalyse. Det blir gjeve rettleiing på oppgåva.

Prosjektoppgåva vil bli evaluert av ansvarleg rettleiar og eksternt oppnemnd sensor. Det vert nytta bokstavkarakter. Alle studentane på gruppa får same karakter.

Pensum

Pensumlitteraturen på eit studium av dette slaget vil stadig vere i endring. Litteraturforslaga må derfor oppfattast som døme på aktuell litteratur. I enkelte tilfelle er det oppgitt alternative forslag på same tema. Det er dessutan viktig å understreke at mykje av litteraturen som er oppgitt i samband med eitt bestemt tema, også kan kome til nytte i seinare tema i studiet. Pensum på studiet vil vere ei blanding av nokre hovudbøker og artiklar, bokkapitel og anna materiell. Totalt vil pensum omfatte ca 2000 sider.

Hatch, Mary Jo: Organisasjonsteori. Moderne, symbolske og postmoderne perspektiver. Abstrakt Forlag, Oslo 2001.

Strand, T: Ledelse, organisasjon og kultur (2. utgave). Fagbokforlaget 2007.

Lise Kjølsrød: ” En tjenesteintensiv velferdsstat” Kap 7. s. 184- 209 i boka Det norske samfunn av Ivar Frønes og Lise Kjølsrød (red) 5. utgåve Gyldendal Akademisk 2005.

Bjørvik, Kjell Inge og Willy Haukedal: Arbeids- og lederpsykologi. Cappelen Akademisk Forlag, Oslo 2001 (utvalde delar).

Wig, Bjarne Berg: Det uslåelige arbeidslaget. Kvalitetsutvikling med selvstyrte team. Tiden Norsk Forlag, Oslo 1999 (utvalde delar).

NOU 20004: 13 . Ny arbeids- og velferdsforvaltning (Rattsø 3). Kap. 2. Sammendrag.

Tone Alm Andreassen: ”Brukermedvirkning i praksis – faglig fortolkning av politiske mål” Kap 3. s. 53-73. i boka Velferdstjenester i endring. Når politikk blir praksis av Rannveig Dahle og Kirsten Thorsen (red.) Fabokforlaget 2004.

Lyngdal, L E: Organisasjonsutvikling i teori og praksis. Oslo: TANO, 1992.